Semestre
KOH115 Tre, tradisjon og fornying
Ingen
Tre, tradisjon og fornying er eit valfritt emne i studieprogrammet Bachelor i Kunst og handverk, og er også ope for vidareutdanningsstudentar. Gjennom kreative prosessar, problemløysing og produktutvikling, vert det utvikla materialforståing og design- og bearbeidingskompetanse innan materialområdet tre. Emnet vil i tillegg fokusere på didaktisk og metodisk kompetanse retta mot undervisning i skulen.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten:
- har kunnskap om kreativitet og estetiske læreprosessar
- har kunnskap om kunst- og formkultur knytt til gjenstandskulturen
- har kunnskap om ulike tremateriale, teknikkar og verkty til konkrete oppgåveløysingar
- har kunnskap om stell og vedlikehald av trebearbeidingsverkty og maskiner
- har kunnskap om enkel form- og funksjonsanalyse
- har kunnskap om emnet sin plass i ein fagdidaktisk og tverrfagleg samanheng
Studenten:
- kan arbeide bevisst med ideutvikling og skissearbeid som del av ein kreativ prosess
- kan planleggje og gjennomføre produksjonsprosessar frå ide til ferdig produkt
- har ferdigheiter i å arbeide med ulike trematerialar i ulike teknikkar og med høvlege verkty
- kan vedlikehalde utstyr, verkty og maskiner
- kan bruke form- og funksjonsanalyse i vurderinga av eigne og andre sine arbeid
- kan planlegge, organisere og vedlikehalde gode verkstadar
Studenten:
- kan utnytte faget sitt potensiale til å fremje gjenbruk og berekraftig utvikling
- kan reflektere over relevante HMS-tiltak knytt til fagområdet
- kan bruke verdiar i faget til å stimulere eiga personlegdomsutvikling og danning
Emnet er hovudsakleg konsentrert om praktisk skapande arbeid med ulike bruksformer i tre. Handverk og design vil vere sentrale studie- og referanseområde. Fyrste halvdel av studiet er lagt opp med innføringsblokker i ulike teknikkar og tema, med ein kombinasjon av forelesing, sjølvstudium og individuell oppgåveløysing. Andre del av emnet er prosjektbasert, der studenten arbeider med ei større fagleg problemstilling gitt av faglærar. Denne skal framstillast til eksamen. Studenten får uformelle prosessevalueringar i arbeidsøktene. Arbeids- og undervisningsformene i studiet er ein kombinasjon av førelesing, bruk av digitale læringsressursar og praktisk og teoretisk oppgåveløysing.
Undervisninga vert organisert individuelt og i grupper, og arbeidet kan vere både lærar- og studentstyrt.
Studentar som er borte frå undervisninga har sjølve ansvar for å orientere seg om det som gjekk føre seg under deira fråvær.
Det er obligatorisk frammøte og deltaking i alle organiserte læringsaktivitetar og undervisning, jamfør Forskrift om opptak, studium og eksamen, §4-6 ( https://lovdata.no/dokument/SF/forskrift/2014-12-04-1697).
Arbeidskrav: Praktiske arbeid med prosessrapportar frå innføringsblokk lagde fram til fastsett frist.
Sensur blir gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, kap. 5 §4-6.
Studiekvalitetsarbeidet vert gjennomført i samsvar med gjeldande retningslinjer for HVO.
Studentane betaler ei materialavgift på kr. 900,- til innkjøp av fellesmateriale. I tillegg må kvar student pårekne kjøp av litt reiskap/utstyr, samt materialer til eige eksamensarbeid.
- Design, kunst og handverk - bachelor
- Design, kunst og handverk vidareutdanning
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Mappeeksamen | Individuell | Semester | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | 100 |