Semestre
KOH115 Tre - tradisjon og fornying
Ingen
Tre - tradisjon og fornying er eit obligatorisk emne i studieprogrammet Bachelor i design, kunst og handverk, men er også tilgjengeleg for eksterne søkjarar. Gjennom kreative prosessar, problemløysing og produktutvikling, vert det utvikla materialforståing og design- og bearbeidingskompetanse innan materialområdet tre.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten:
- har kunnskap om kreativitet og estetiske læreprosessar
- har kjennskap til kunst- og formkultur knytt til gjenstandskulturen
- har kunnskap om ulike trematerialar, teknikkar og verkty til konkrete oppgåveløysingar
- har kunnskap om stell og vedlikehald av trebearbeidingsverkty og maskiner
- har kunnskap om form- og funksjonsanalyse
- har kjennskap til emnet sin plass i ein fagdidaktisk og tverrfagleg samanheng.
Studenten:
- kan arbeide medvite med idéutvikling og skissearbeid som del av ein kreativ prosess
- kan planleggje og gjennomføre produksjonsprosessar frå idé til ferdig produkt
- har ferdigheiter i å arbeide med ulike trematerialar i ulike teknikkar, og med høvlege verkty
- kan vedlikehalde utstyr, verkty og maskiner
- kan bruke form- og funksjonsanalyse i vurderinga av eigne arbeid.
Studenten:
- kan utnytte faget sitt potensiale til å fremje gjenbruk og berekraftig utvikling
- kan reflektere over relevante HMS-tiltak knytt til fagområdet
- kan bruke verdiar i faget til å stimulere eiga personlegdomsutvikling og danning.
Emnet er hovudsakleg konsentrert om praktisk skapande arbeid med ulike bruksformer i tre. Handverk og design vil vere sentrale studie- og referanseområde. Studiet er lagt opp med innføringsblokker i ulike teknikkar og tema, med ein kombinasjon av digitale læringsløyper og praktisk og teoretisk oppgåveløysing.
Undervisninga kan vert organisert individuelt og i grupper, og arbeidet kan vere både lærar- og studentstyrt.
Det er obligatorisk frammøte og deltaking i alle organiserte læringsaktivitetar og undervisning, jamfør Forskrift om opptak, studium og eksamen, §4-6 ( https://lovdata.no/dokument/SF/forskrift/2014-12-04-1697). Med deltaking meinar ein at studentane skal arbeide med oppgåveløysning slik at lærar og medstudentar kan få innsyn i læringsprosessane. Studentar som er borte frå undervisninga, har sjølve ansvar for å setje seg inn i gjennomgått fagstoff i deira fråver.
Arbeidskrav: Eit praktisk arbeid med prosessrapport, leverte til fastsett frist.
Sensur blir gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 5-11.
Studentane betaler ei materialavgift på kr. 900,- til innkjøp av fellesmateriale. I tillegg må kvar student pårekne kjøp av litt reiskap/utstyr, samt materialar til eige eksamensarbeid.
- Design, kunst og handverk - bachelor
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Praktisk eksamen | Individuell | Semester | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | 100 | Ei praktisk oppgåve med tilhøyrande prosessrapport. |