Semesters
- 2025 Autumn
- 2024 Autumn
- 2023 Autumn
- 2022 Autumn
- 2021 Autumn
- 2020 Autumn
- 2019 Autumn
- 2018 Autumn
- 2017 Autumn
- 2016 Autumn
KOH115 Tre - tradisjon og fornying
Ingen
Tre - tradisjon og fornying er eit obligatorisk emne i studieprogrammet Bachelor i design, kunst og handverk, men er også tilgjengeleg for eksterne søkjarar. Dette er eit praktisk emne der ein får lære om ulike materiale, teknikkar og designprosessar innan fagområde tre.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten:
- har brei kunnskap om ulike materialar, teknikkar, verktøy og visuelle verkemiddel innan materialområdet tre
- har kunnskap om idéutvikling, skissearbeid og designprosessar
- har kunnskap om stell og vedlikehald av verktøy og maskiner
- har kunnskap om estetisk analyse med vurdering av form og funksjon
- har kjennskap til fagtradisjonar, og fagområdet sin plass i skule og samfunn.
Studenten:
- kan bruke ulike teknikkar og verktøy på ein høveleg måte innan materialområdet tre
- kan gjere hensiktsmessige materialval
- kan jobbe planmessig med ideutvikling og skissearbeid som del av ein designprosess
- kan bruke og vedlikehalde verktøy og maskiner ut frå eit funksjons- og miljøperspektiv
- kan vurdere og analysere ulike visuelle uttrykksformer i eige og andre sitt arbeid.
Studenten:
- kan utnytte faget sitt potensiale i å fremje berekraftig utvikling
- kan reflektere kring relevante helse-, miljø- og sikkerheits-tiltak knytt til fagområdet
- kan utveksle erfaringar og synspunkt med bakgrunn i fagområdet, og gjennom dette bidra til utvikling av god praksis.
Arbeids- og undervisningsformene i studiet er ein kombinasjon av førelesing, bruk av digitale formidlings- og læringsressursar og praktisk og teoretisk oppgåveløysing. Undervisninga vert organisert både individuelt og i grupper, og arbeidet kan vere både lærar- og studentstyrt. Studenten får prosessevaluering i arbeidsøktene og i framleggingssituasjonar.
Det er obligatorisk frammøte og deltaking i alle organiserte læringsaktivitetar og undervisning, jamfør Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 6-6. Med deltaking meiner ein at studentane skal arbeide med oppgåveløysing slik at lærar og medstudentar kan få innsyn i læringsprosessane. Studentar som er borte frå undervisninga, har sjølve ansvar for å setje seg inn i gjennomgått fagstoff i deira fråvær.
Arbeidskrav: Eit praktisk arbeid med tilhøyrande dokumentasjon til fastsett frist.
Sensur blir gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda § 9-4
Studentane betaler ei materialavgift på kr. 800,- til innkjøp av fellesmateriale. I tillegg må kvar student pårekne kjøp av litt reiskap/utstyr, samt materialar til eige eksamensarbeid.
- Design, Arts and Crafts - bachelor
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Praktisk eksamen | Individual | 6 Weeks | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | 100 | Ei praktisk oppgåve med tilhøyrande dokumentasjon. |