Semestre
KOH115 Tre - tradisjon og fornying
Ingen
Tre - tradisjon og fornying er eit obligatorisk emne i studieprogrammet Bachelor i design, kunst og handverk, og er også ope for vidareutdanningsstudentar. Gjennom kreative prosessar, problemløysing og produktutvikling, vert det utvikla materialforståing og design- og bearbeidingskompetanse innan materialområdet tre. Emnet har ein fagdidaktisk tilnærming.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten:
- har kunnskap om kreativitet og estetiske læreprosessar
- har kunnskap om kunst- og formkultur knytt til gjenstandskulturen
- har kunnskap om ulike trematerialar, teknikkar og verkty til konkrete oppgåveløysingar
- har kunnskap om stell og vedlikehald av trebearbeidingsverkty og maskiner
- har kunnskap om form- og funksjonsanalyse
- har kunnskap om emnet sin plass i ein fagdidaktisk og tverrfagleg samanheng.
Studenten:
- kan arbeide medvite med ideutvikling og skissearbeid som del av ein kreativ prosess
- kan planleggje og gjennomføre produksjonsprosessar frå ide til ferdig produkt
- har ferdigheiter i å arbeide med ulike trematerialar i ulike teknikkar, og med høvlege verkty
- kan vedlikehalde utstyr, verkty og maskiner
- kan bruke form- og funksjonsanalyse i vurderinga av eigne arbeid
- kan planlegge, organisere og vedlikehalde ein treverkstad.
Studenten:
- kan utnytte faget sitt potensiale til å fremje gjenbruk og berekraftig utvikling
- kan reflektere over relevante HMS-tiltak knytt til fagområdet
- kan bruke verdiar i faget til å stimulere eiga personlegdomsutvikling og danning.
Emnet er hovudsakleg konsentrert om praktisk skapande arbeid med ulike bruksformer i tre. Handverk og design vil vere sentrale studie- og referanseområde. Fyrste halvdel av studiet er lagt opp med innføringsblokker i ulike teknikkar og tema, med ein kombinasjon av førelesing, sjølvstudium og individuell oppgåveløysing. Andre del av emnet er prosjektbasert, der studenten arbeider med ei større fagleg problemstilling gitt av faglærar. Denne skal framstillast til eksamen. Studenten får uformelle prosessevalueringar i arbeidsøktene. Arbeids- og undervisningsformene i studiet er ein kombinasjon av førelesing, bruk av digitale formidlings- og læringsressursar og praktisk og teoretisk oppgåveløysing.
Undervisninga vert organisert individuelt og i grupper, og arbeidet kan vere både lærar- og studentstyrt.
Det er obligatorisk frammøte og deltaking i alle organiserte læringsaktivitetar og undervisning, jamfør Forskrift om opptak, studium og eksamen, §4-6 ( https://lovdata.no/dokument/SF/forskrift/2014-12-04-1697). Med deltaking meinar ein at studentane skal arbeide med oppgåveløysning slik at lærar og medstudentar kan få innsyn i læringsprosessane. Studentar som er borte frå undervisninga, har sjølve ansvar for å setje seg inn i gjennomgått fagstoff i deira fråver.
Arbeidskrav: Eit praktisk arbeid med prosessrapport, leverte til fastsett frist.
Sensur blir gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 5-11.
Studentane betaler ei materialavgift på kr. 900,- til innkjøp av fellesmateriale. I tillegg må kvar student pårekne kjøp av litt reiskap/utstyr, samt materialar til eige eksamensarbeid.
- Design, kunst og handverk - bachelor
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Praktisk eksamen | Individuell | Semester | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | 100 | Ei praktisk oppgåve med tilhøyrande skisser |