Semestre

KOH116 Leire - design og produktutvikling

Emnekode: 
KOH116
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Undervisningssemester: 
2016 Vår
Eksamenssemester: 
2016 Vår
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

KOH134 eller tilsvarande

Om emnet

Emnet er frittståande og kan inngå i Bachelorgraden i kunst og handverk. Gjennom emnet skal studenten arbeide med form, funksjon og designutvikling innanfor materialet leire. Arbeid med kjerneområda i kunst og handverksfaget står sentralt i tillegg utvikling av den didaktiske og metodiske kompetansen retta mot undervisning i skulen.

Læringsutbytte

-

Kunnskapar

Studenten har: kunnskap og forståing for fagområdet leire kunnskap om kunst og kulturstoff  knytt til gjenstandskulturen kunnskap om visualisering av idear, kreativitet og skapande prosessar kunnskap om didaktisk og metodisk kompetanse for undervisning i fagområdet i skulen kunnskap om klasseleiing, lærings- og klassemiljø slik det framstår i ein verkstadkontekst. 

Ferdigheiter

Studenten har: ferdigheiter i ulike konstruksjons- og overflateteknikkar i materialet ferdigheiter i form- og funksjonsanalyse som verktøy og vurdering av eigne og andre sine arbeid ferdigheiter med å utvikle ein idè, planlegge og gjennomføre produksjonsprosessar fram til ferdig form, dokumentere, vurdere eigen utøvande prosess og vise praktisk handlag. ferdigheiter i planarbeid, oppgåveformulering og vurdering i fagområdet i skulen ferdigheiter i å planlegge, organisere og vedlikehalde gode verkstader i formgiving, kunst og handverk.

Generell kompetanse

Studenten har: generell kompetanse i å rettleie og samarbeide med kollegaer for å styrke den praktiske og estetiske dimensjonen i alle fag og i skulen som heilskap. generell kompetanse i å reflektere over relevante HMS-tiltak knytta til fagområde, materiale og verkstad.

Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Emnet er hovudsakleg konsentrert om praktisk arbeid, og omfattar skapande arbeid med bruksformer i leire. Det vert lagt opp til ein kombinasjon av forelesing, individuell oppgåveløysing, fellesundervisning og sjølvstudium. Studiet har undervisning ein dag pr veke og det vert forventa at studentane i stor grad tek ansvar for eiga læring gjennom studentaktive arbeids- og undervisningsformer. Studenten får uformell evaluering gjennom samtale med faglærar i løpet av studiet og i fellesforum. Første del av studiet er organisert i innføringsblokker i ulike teknikkar og tema. I andre delen er det eit individuelt arbeid der studenten sjølv vel materiale og teknikkar og der studenten får høve til å vise korleis ein kan integrere fagstoffet frå innføringsblokkene inn i eit sjølvstendig prosjekt. Individuell rettleiing på oppgåva. 

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Det er obligatorisk frammøte og deltaking til all undervisning etter gjeldande reglar for HVO. Med deltaking meinar ein at studentane skal arbeide med oppgåveløysning slik at lærar og medstudentar kan få innsyn i læringsprosessane.Jf. Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda § 4-6.Anna som vedkjem gjennomføringa av emnet:Det er forventa at studenten har elementær datakunnskap. 

Evaluering og kvalitetssikring

Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.

Minimumstal: 
12
Maksimumstal: 
14
Emnet inngår i følgande studieprogram