Semestre
KOH116 Leire - handverk og funksjon
Emnet er eit obligatorisk emne i studieprogrammet Bachelor i Design, kunst og handverk. Emnet er også ope for vidareutdanningsstudentar. Gjennom kreative prosessar, problemløysning og produktutvikling vert det utvikla formkompetanse, materialforståing og designkompetanse innanfor materialet leire. Emnet har ein fagdidaktisk overbygnad.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten:
- har kunnskap om fagområdet leire som materiale, i designprosess og skulefag
- har kunnskap om kunst og kulturstoff knytt til gjenstandskulturen
- har kunnskap om kreativitet og estetiske prosessar
- har kunnskap om form- og funksjonsanalyse.
Studenten:
- kan bruke ulike konstruksjons- og overflateteknikkar i materialet
- kan bruke form- og funksjonsanalyse som verkty i vurdering av eigne og andre sine arbeid
- kan jobbe bevisst med ideutvikling og skissearbeid som del av ein kreativ prosess
- kan planlegge og gjennomføre produksjonsprosessar frå ide til ferdig form
- kan planlegge, organisere og vedlikehalde gode verkstader.
Studenten:
- kan utnytte faget sitt potensiale til å fremje gjenbruk og berekraftig utvikling
- kan reflektere over relevante HMS-tiltak knytt til fagområdet
- kan bruke verdiar i faget til å stimulere til eiga personlegdomsutvikling og danning.
Arbeids- og undervisningsformene i studiet er ein kombinasjon av førelesing, bruk av digitale læringsressursar og praktisk og teoretisk oppgåveløysing.
Undervisninga vert organisert både individuelt og i grupper, og arbeidet kan vere både lærar- og studentstyrt.
Studenten får prosessevaluering i arbeidsøktene og i framleggingssituasjonar.
Det er obligatorisk frammøte og deltaking i alle organiserte læringsaktivitetar og undervisning, jamfør Forskrift om opptak, studium og eksamen, om obligatorisk frammøte og deltaking §4-6 ( https://lovdata.no/dokument/SF/forskrift/2014-12-04-1697).
Med deltaking meiner ein at studentane skal arbeide med oppgåveløysning slik at lærar og medstudentar kan få innsyn i læringsprosessane. Studentar som er borte frå undervisninga, har sjølve ansvar for å setje seg inn i gjennomgått fagstoff i deira fråver.
Arbeidskrav: Eit praktisk arbeid med prosessdokumentasjon, lagt fram til fastsett frist.
Sensur blir gjennomført med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 5-11.
Studenten betalar ei materialavgift på kr 900,- til innføringsblokkene. Studenten betalar sjølv materiale til eksamensoppgåva.
- Design, kunst og handverk - bachelor
- Design, kunst og handverk vidareutdanning
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Praktisk eksamen | Individuell | semester | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | Ei praktisk oppgåve, arbeidsbok og rapport |