Semestre

KOH116 Leire - handverk og funksjon

Emnekode: 
KOH116
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Undervisningssemester: 
2018 Haust
Eksamenssemester: 
2018 Haust
Undervisningsspråk: 
Norsk
Forkunnskapskrav, emneliste
KOH134 Innføring - handverk og materiale
Om emnet

Emnet er eit valfritt emne i studieprogram Bachelor i Kunst og handverk. Emnet er også ope for vidareutdanningsstudentar. Gjennom kreative prosessar, problemløysning og produktutvikling vert det utvikla formkompetanse, materialforståing og designkompetanse innanfor materialet leire. Emnet vil i tillegg fokusere på didaktisk og metodisk kompetanse retta mot undervisning i skulen.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne: 

Kunnskapar

Studenten:

  • har kunnskap om fagområdet leire som materiale, i designprosess og skulefag
  • har kunnskap om kunst og kulturstoff  knytt til gjenstandskulturen
  • har kunnskap om kreativitet og estetiske prosessar
  • har kunnskap om form- og funksjonsanalyse
Ferdigheiter

Studenten:

  • kan bruke ulike konstruksjons- og overflateteknikkar i materialet
  • kan bruke form- og funksjonsanalyse som verkty i vurdering av eigne og andre sine arbeid
  • kan jobbe bevisst med ideutvikling og skissearbeid som del av ein kreativ prosess
  • kan planlegge og gjennomføre produksjonsprosessar frå ide til ferdig form
  • kan planlegge, organisere og vedlikehalde gode verkstader.
Generell kompetanse

Studenten:

  • kan utnytte faget sitt potensiale til å fremje gjenbruk og berekraftig utvikling
  • kan reflektere over relevante HMS-tiltak knytt til fagområdet
  • kan bruke verdiar i faget til å stimulere til eige personlegdomsutvikling og danning
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Arbeids- og undervisningsformene i studiet er ein kombinasjon av førelesing, bruk av digitale læringsressursar og praktisk og teoretisk oppgåveløysing.

Undervisninga vert organisert både individuelt og i grupper, og arbeidet kan vere både lærar- og studentstyrt.      

Studenten får prosessevaluering i arbeidsøktene og i framleggingssituasjonar. Studentar som er borte frå undervisninga har sjølve ansvar for å orientere seg om det som gjekk føre seg i deira fråvær.

 

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Det er obligatorisk frammøte og deltaking i alle organiserte læringsaktivitetar og undervisning, jamfør Forskrift om opptak, studium og eksamen, om obligatorisk frammøte og deltaking §4-6 ( https://lovdata.no/dokument/SF/forskrift/2014-12-04-1697).

 

Arbeidskrav: Eit praktisk arbeid med prosessdokumentasjon lagd fram til fastsett tid.

 

Sensorordning

Sensur blir gjennomført med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, kap 5 §4-6

Evaluering og kvalitetssikring

Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.

Minimumstal: 
12
Maksimumstal: 
16
Emneansvarleg: 
Sissel Midtlid
Materialavgift

Studenten betaler ei materialavgift på kr 900,- til innføringsblokkene.

Studenten betalar sjølv materiale til eksamensoppgåva.

Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Design, kunst og handverk - bachelor
  • Design, kunst og handverk vidareutdanning
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Praktisk eksamen
Individuell
semester
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Ei praktisk oppgåve, arbeidsbok og rapport
Godkjent av: 
Aud Folkestad