Semestre
KOH116 Leire - design og produktutvikling
Domine Hansen, C. (2010) Håndbog i studiokeramik : Teori & teknik. 2. udg. , Odense , Erhvervsskolernes forl. ISBN 978-87-7082-172-8 Antall pensumsider: 280
Gaustad, R., & og Danbolt, G. (1990) Samtidskeramikk : Norsk keramikk fra 1940 til i dag. , Oslo , Dreyer ISBN 978-82-09-10613-6 Antall pensumsider: 127 Boka er tilgjengeleg som e-bok via NBdigital
Hopper, R. (2000) Functional pottery : Form and aesthetic in pots of purpose. 2nd ed. , London , A&C Black ISBN 978-0-7136-5787-6 Antall pensumsider: 240
Opstad, J-L. (1989) En ny bevissthet : Norsk kunsthåndverk 1970-1990. , Oslo , Huitfeldt ISBN 978-82-7003-087-3 Antall pensumsider: 127 Boken er tilgjengeleg på biblioteket og som ebok via NBDigital
Emnet er frittståande og kan inngå i Bachelorgraden i kunst og handverk. Gjennom emnet skal studenten arbeide med form, funksjon og designutvikling innanfor materialet leire. Arbeid med kjerneområda i kunst og handverksfaget står sentralt i tillegg utvikling av den didaktiske og metodiske kompetansen retta mot undervisning i skulen.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten har kunnskap om:
- og forståing for fagområdet leire
- kunst og kulturstoff knytt til gjenstandskulturen
- visualisering av idear, kreativitet og skapande prosessar
- didaktisk og metodisk kompetanse for undervisning i fagområdet i skulen
- klasseleiing, lærings- og klassemiljø slik det framstår i ein verkstadkontekst.
Studenten har ferdigheiter i:
- ulike konstruksjons- og overflateteknikkar i materialet
- form- og funksjonsanalyse som verktøy
- vurdering av eigne og andre sine arbeid
- å utvikle ein idè, planlegge og gjennomføre produksjonsprosessar fram til ferdig form
- dokumentere, vurdere eigen utøvande prosess
- vise praktisk handlag
- planarbeid, oppgåveformulering og vurdering i fagområdet i skulen
- å planlegge, organisere og vedlikehalde gode verkstader i formgiving, kunst og handverk.
Studenten har kompetanse i:
- rettleie og samarbeide med kollegaer for å styrke den praktiske og estetiske dimensjonen i alle fag og i skulen som heilskap.
- å reflektere over relevante HMS-tiltak knytta til fagområde, materiale og verkstad.
Emnet er hovudsakleg konsentrert om praktisk arbeid, og omfattar skapande arbeid med bruksformer i leire. Det vert lagt opp til ein kombinasjon av forelesing, individuell oppgåveløysing, fellesundervisning og sjølvstudium. Det vert forventa at studentane i stor grad tek ansvar for eiga læring gjennom studentaktive arbeids- og undervisningsformer. Studenten får uformell evaluering gjennom samtale med faglærar i løpet av studiet og i fellesforum. Første del av studiet er organisert i innføringsblokker i ulike teknikkar og tema. I andre delen er det eit individuelt arbeid der studenten sjølv vel materiale og teknikkar og der studenten får høve til å vise korleis ein kan integrere fagstoffet frå innføringsblokkene inn i eit sjølvstendig prosjekt. Individuell rettleiing på oppgåva.
Arbeidskrav: to arbeidskrav frå innføringsblokkene. Innlevert til avtalt tid og godkjende.
Det er obligatorisk frammøte og deltaking til all undervisning etter gjeldande reglar for HVO.
Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.
Materialavgift til innføringsblokkene kr 900,-
Studenten betalar sjølv materiale til eksamensoppgåva.
- Design, kunst og handverk vidareutdanning
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Mappeeksamen | Individuell | semester | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter |