Semestre

KOH131 Visuell kommunikasjon

Emnekode: 
KOH131
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Undervisningssemester: 
2024 Haust
Eksamenssemester: 
2024 Haust
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

Ingen

Om emnet

Visuell kommunikasjon er eit obligatorisk emne i studieprogrammet Bachelor i design, kunst og handverk.

Sentralt i emnet står arbeid med todimensjonale visuelle uttrykk, og digitale verkty. Det vert lagt vekt på visuell grammatikk og kommunikasjon. Kunnskap om form, farge, komposisjon og teikn er ein viktig del av undervisninga. Studenten utviklar grunnleggjande forståing for visuell grammatikk og kommunikasjon, og korleis ein nyttar dette i eige skapande arbeid. 

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten:

  • har kunnskap om ulike analoge og digitale reiskapar/verkty og teknikkar, i arbeid med visuell kommunikasjon
  • har kunnskap om visuell grammatikk og fargeteori
  • har kunnskap om idéutvikling og skissearbeid som del av ein kreativ prosess
  • har kunnskap om grunnleggande omgrep og prinsipp i kommunikasjonsprosessen
  • har kjennskap til ulike visuelle uttrykksformer. 
Ferdigheiter

Studenten:

  • kan reflektere rundt bruk av ulike reiskapar, verkty og teknikkar i eige og andre sitt arbeid  
  • kan bruke og vurdere visuell grammatikk og fargelære i eige skapande arbeid
  • kan jobbe strategisk med idéutvikling og skissearbeid som del av ein kreativ prosess
  • kan jobbe bevisst med bodskap og kommunikasjon i eige skapande arbeid 
  • kan vurdere ulike visuelle uttrykksformer i eige og andre sitt arbeid.
Generell kompetanse

Studenten:

  • har innsikt i, og forståing for, visuell kommunikasjon i dagens og framtidas samfunn
  • har innsikt i korleis visuell grammatikk, verkty og teknikkar påverkar den visuelle kommunikasjonen.
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Arbeids- og undervisningsformene i studiet er ein kombinasjon av førelesing, bruk av digitale formidlings- og læringsressursar og praktisk og teoretisk oppgåveløysing. Undervisninga vert organisert individuelt og i grupper, og arbeidet kan vere både lærar- og studentstyrt.     

Studentar får prosessevalueringar i arbeidsøktene og i framleggingssituasjonar. Studentar som er borte frå undervisninga har sjølve ansvar for å orientere seg om det som gjekk føre seg i deira fråvær. 

Anna som vedkjem gjennomføringa av emnet: Det vert forventa at studenten har elementær datakunnskap. Studenten må ha ei datamaskin som fint kan handtere programvare frå Creative Cloud.

Enkelte førelesingar kan bli gjennomført på engelsk.

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Det er obligatorisk frammøte og deltaking i alle organiserte læringsaktivitetar og undervisning, jamfør Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda § 6-6, om obligatorisk frammøte og deltaking. 

Med deltaking meinar ein at studentane skal arbeide med oppgåveløysning slik at lærar og medstudentar kan få innsyn i læringsprosessane.

Arbeidskrav: 

  • ei praktisk oppgåve med skriftleg del, levert til fastsett frist 
Sensorordning
Minimumstal: 
14
Maksimumstal: 
46
Emneansvarleg: 
Janne Heggvoll
Materialavgift

Studentane betaler ei materialavgift på kr 300,- til innkjøp av fellesmateriale. I tillegg må kvar student pårekne kjøp av litt basisreiskap/utstyr.

Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Design, kunst og handverk - årsstudium
  • Design, kunst og handverk - bachelor
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Mappeeksamen
Individuell
1 semester
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Ei mappe som består av to praktiske oppgåver med tilhøyrande skriftleg del eller prosessrapport.
Godkjent av: 
Unni Hagen