Semestre

KOH131 Visuell kommunikasjon

Emnekode: 
KOH131
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Undervisningssemester: 
2018 Haust
Eksamenssemester: 
2018 Haust
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

Ingen

Om emnet

Visuell kommunikasjon er eit obligatorisk emne i studieprogrammet Bachelor i Kunst og handverk.

Sentralt i emnet står arbeid med todimensjonal form, og digitale verkty. Det vert lagt vekt på visuell grammatikk, der kunnskap om form, farge og teikn er ein viktig del av undervisninga. Studenten utviklar grunnleggjande forståing for visuell kommunikasjon, og korleis ein nyttar dette i eige skapande arbeid. 

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten:

  • har kunnskap om ulike reiskapar og teknikkar i arbeid med visuell kommunikasjon
  • har kunnskap om digitale verkty i arbeid med visuell kommunikasjon
  • har kunnskap om visuell grammatikk og fargelære
  • har kunnskap om ideutvikling og skissearbeid som del av ein kreativ prosess
  • har kunnskap om bodskap og kommunikasjonsprosessar
  • har kunnskap om ulike visuelle uttrykksformer
Ferdigheiter

Studenten:

  • kan vurdere bruk av ulike verkty og teknikkar i eige og andre sitt arbeid  
  • kan bruke og vurdere visuell grammatikk og fargelære i eige skapande arbeid
  • kan jobbe bevisst med ideutvikling og skissearbeid som del av ein kreativ prosess
  • kan jobbe bevisst med bodskap og kommunikasjon i eige skapande arbeid 
  • kan vurdere ulike visuelle uttrykksformer
Generell kompetanse

Studenten:

  • har innsikt i og forståing for visuell kommunikasjon i det moderne samfunn
  • har innsikt i korleis verkty og teknikkar påverkar den visuelle kommunikasjonen
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Arbeids- og undervisningsformene i studiet er ein kombinasjon av førelesing, bruk av digitale læringsressursar og praktisk og teoretisk oppgåveløysing. Undervisninga vert organisert individuelt og i grupper, og arbeidet kan vere både lærar- og studentstyrt.     

Studentar får prosessevalueringar i arbeidsøktene og i framleggingssituasjonar. Studentar som er borte frå undervisninga har sjølve ansvar for å orientere seg om det som gjekk føre seg i deira fråvær. 

Anna som vedkjem gjennomføringa av emnet: Det er forventa at studenten har elementær datakunnskap.

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Det er obligatorisk frammøte og deltaking i alle organiserte læringsaktivitetar og undervisning, jamfør Forskrift om opptak, studium og eksamen, om obligatorisk frammøte og deltaking §4-6 https://lovdata.no/dokument/SF/forskrift/2014-12-04-1697.

Med deltaking meinar ein at studentane skal arbeide med oppgåveløysning slik at lærar og medstudentar kan få innsyn i læringsprosessane.

Arbeidskrav: 

  • ei praktisk oppgåve lagt fram i plenum
  • ein skriftleg refleksjon på omlag 800 ord, levert til fastsett tid.
Evaluering og kvalitetssikring

Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.

Minimumstal: 
14
Maksimumstal: 
20
Emneansvarleg: 
Åshild Sævik
Materialavgift

Studentane betaler ei materialavgift på kr 300 til innkjøp av fellesmateriale. I tillegg må kvar student pårekne kjøp av litt reiskap/utstyr.

Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Design, kunst og handverk - årsstudium
  • Design, kunst og handverk - bachelor
  • Design, kunst og handverk vidareutdanning
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Mappeeksamen
Individuell
1 semester
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Ei mappe som består av praktiske oppgåver med tilhøyrande prosessrapportar. Etter innlevering blir to av oppgåvene trekt ut til vurdering.
Godkjent av: 
Aud Folkestad