Semestre
KOH131 Visuell kommunikasjon
Ingen
Visuell kommunikasjon er eit obligatorisk emne i studieprogrammet Bachelor i design, kunst og handverk.
Sentralt i emnet står arbeid med todimensjonale, visuelle uttrykk, og digitale verkty. Det vert lagt vekt på visuell grammatikk og kommunikasjon. Kunnskap om form, farge, komposisjon og teikn er ein viktig del av undervisninga. Studenten utviklar grunnleggjande forståing for visuell grammatikk og kommunikasjon, og korleis ein nyttar dette i eige skapande arbeid.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten:
- har kunnskap om ulike analoge og digitale reiskapar/ verkty og teknikkar, i arbeid med visuell kommunikasjon
- har kunnskap om visuell grammatikk og fargeteori
- har kunnskap om idéutvikling og skissearbeid som del av ein kreativ prosess
- har kunnskap om grunnleggande omgrep og prinsipp i kommunikasjonsprosessen
- har kunnskap om ulike visuelle uttrykksformer.
Studenten:
- kan reflektere rundt bruk av ulike reiskapar, verkty og teknikkar i eige og andre sitt arbeid
- kan bruke og vurdere visuell grammatikk og fargelære i eige skapande arbeid
- kan jobbe strategisk med idéutvikling og skissearbeid som del av ein kreativ prosess
- kan jobbe bevisst med bodskap og kommunikasjon i eige skapande arbeid
- kan vurdere ulike visuelle uttrykksformer i eige og andre sitt arbeid.
Studenten:
- har innsikt i, og forståing for, visuell kommunikasjon i dagens og framtidas skule og samfunn
- har innsikt i korleis visuell grammatikk, verkty og teknikkar påverkar den visuelle kommunikasjonen.
Arbeids- og undervisningsformene i studiet er ein kombinasjon av førelesing, bruk av digitale formidlings- og læringsressursar og praktisk og teoretisk oppgåveløysing. Undervisninga vert organisert individuelt og i grupper, og arbeidet kan vere både lærar- og studentstyrt.
Studentar får prosessevalueringar i arbeidsøktene og i framleggingssituasjonar. Studentar som er borte frå undervisninga har sjølve ansvar for å orientere seg om det som gjekk føre seg i deira fråvær.
Anna som vedkjem gjennomføringa av emnet: Det vert forventa at studenten har elementær datakunnskap. Enkelte førelesingar kan bli gjennomført på engelsk.
Det er obligatorisk frammøte og deltaking i alle organiserte læringsaktivitetar og undervisning, jamfør Forskrift om opptak, studium og eksamen, om obligatorisk frammøte og deltaking §4-6 https://lovdata.no/dokument/SF/forskrift/2014-12-04-1697.
Med deltaking meinar ein at studentane skal arbeide med oppgåveløysning slik at lærar og medstudentar kan få innsyn i læringsprosessane.
Arbeidskrav:
- ei praktisk oppgåve lagd fram til fastsett frist
- ein skriftleg refleksjon på omlag 1000 ord, levert digitalt, til fastsett frist.
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 5-11.
Studentane betaler ei materialavgift på kr 300,- til innkjøp av fellesmateriale. I tillegg må kvar student pårekne kjøp av litt basisreiskap/utstyr.
- Design, kunst og handverk - årsstudium
- Design, kunst og handverk - bachelor
- Design, kunst og handverk vidareutdanning
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Mappeeksamen | Individuell | 1 semester | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | Ei mappe som består av to praktiske oppgåver med tilhøyrande skriftleg del eller prosessrapport. |