Semestre

KOH132 Inn i arkitekturen

Emnekode: 
KOH132
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Undervisningssemester: 
2025 Vår
Eksamenssemester: 
2025 Vår
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

Ingen

Om emnet

Inn i arkitekturen er eit obligatorisk emne i studieprogrammet Bachelor i design, kunst og handverk. Sentralt i emnet står skapande arbeid innanfor ulike materialområde i to- og tredimensjonale uttrykk. Studenten utviklar grunnleggjande innsikt i, og forståing for, det fysiske nærmiljøet, lokal arkitektur og byggeskikk, og tek dette i bruk i eige skapande arbeid. I emnet vil studenten reflektere over korleis arkitektur kan opplevast og diskuterast, i fortid og notid. Gjennom kreative prosessar, problemløysing og produktutvikling vert det utvikla materialforståing og design- og bearbeidingskompetanse innan ulike materiale. 

Læringsutbytte

 I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten:

  • har kunnskap om kreativitet og estetiske læreprosessar
  • har kunnskap om arkitekturanalyse og kjennskap til arkitektur og byggeskikk i notid og fortid
  • har kunnskap om korleis arkitektteikningar og digitale presentasjonar av byggeprosjekt vert produserte og presenterte
  • har kunnskap om ulike materiale, teknikkar og verkty til konkrete oppgåveløysingar.
Ferdigheiter

Studenten:

  • kan bruke formalestetiske verkemiddel og reflektere rundt desse i eige og andre sitt arbeid
  • kan utføre arkitekturanalyse på eige og andre sitt arbeid
  • kan bruke arkitektur og aktuell byggeskikk som utgangspunkt for nyskaping i eige arbeid
  • kan bruke ulike materiale, verkty og teknikkar i varierte arbeidsoppgåver
  • kan dokumentere og formidle eigne skapande prosessar.
Generell kompetanse

 Studenten:

  • kan utnytte faget sitt potensiale til å fremje god byggeskikk og berekraftig utvikling
  • reflektere over relevante HMS-tiltak knytt til fagområdet, materiale og verkstader
  • kan bruke verdiar i faget til å stimulere eiga personlegdomsutvikling og danning.
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Emnet er hovudsakleg konsentrert om praktisk arbeid i verkstaden med utgangspunkt i tema, verkty og teknikkar. Studentane arbeider enkeltvis eller i grupper med faglege problemstillingar gitt av faglærar.  Arbeids- og undervisningsformene i studiet er ein kombinasjon av førelesing, bruk av digitale formidlings- og læringsressursar og praktisk og teoretisk oppgåveløysing.

Undervisninga vert organisert individuelt og i grupper, og arbeidet kan vere både lærar- og studentstyrt.       

Studentane får individuell rettleiing undervegs i arbeidsøktene.

Det vert gjennomført studietur til relevante kunstinstitusjonar i inn- eller utland. Turen vil gå over 4-5 dagar. Studentane må sjølve dekkje reiseutgifter ved deltaking på studieturen. Dersom studenten ikkje har høve til å ta del må ein så tidleg som mogleg i semesteret, søkje om å kunne få gjennomføre eit alternativt opplegg i samråd med faglærar. 

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Det er obligatorisk frammøte og deltaking i alle organiserte læringsaktivitetar og undervisning, jamfør Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda § 6-6.

Med deltaking meiner ein at studentane skal arbeide med oppgåveløysning slik at lærar og medstudentar kan få innsyn i læringsprosessane. Studentar som er borte frå undervisninga, har sjølve ansvar for å setje seg inn i gjennomgått fagstoff i deira fråver.

Arbeidskrav: Eitt praktisk arbeid, levert til fastsett frist.

Sensorordning
Minimumstal: 
12
Maksimumstal: 
20
Emneansvarleg: 
Knut Einar Lillebø-Voll
Materialavgift

Studenten betaler ei materialavgift på kr. 800,- til innkjøp av fellesmateriale. I tillegg må kvar student pårekne kjøp av litt reiskap/utstyr. Liste over slikt utstyr vert delt ut ved studiestart.

Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Design, kunst og handverk - bachelor
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Oppgave
Individuell
1 Semester
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Praktisk oppgave med prosessrapport
Godkjent av: 
Unni Hagen