Semestre

KOH132 Inn i arkitekturen

Emnekode: 
KOH132
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Undervisningssemester: 
2026 Vår
Eksamenssemester: 
2026 Vår
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

Ingen

Om emnet

Inn i arkitekturen er eit obligatorisk emne i studieprogrammet Bachelor i design, kunst og handverk. Studenten utviklar grunnleggjande innsikt i, og forståing for, det fysiske nærmiljøet, lokal arkitektur og byggeskikk, og tek dette i bruk i eige skapande arbeid. I emnet vil studenten reflektere over korleis arkitektur kan opplevast og diskuterast, i fortid og notid.  

Læringsutbytte

 I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten:

  • har brei kunnskap om korleis arkitektur verkar inn på oss i private og offentlege rom  
  • har brei kunnskap om konstruksjonar og materialtekniske forhold innan fagområdet arkitektur 
  • har kunnskap om idéutvikling og skissearbeid som del av ein designprosess 
  • har kunnskap om arkitekturanalyse 
  • har kunnskap om korleis arkitektteikningar, modellar og digitale presentasjonar vert laga og presentert 
  • har kjennskap til fagtradisjonar, og fagområdet sin plass i skule og samfunn. 
Ferdigheiter

Studenten:

  • kan vurdere og reflektere over korleis arkitektur skaper rammer omkring liva våre 
  • kan bruke ulike teknikkar og verktøy på ein høveleg måte innan fagområdet arkitektur 
  • kan gjere gode og hensiktsmessige materialval 
  • kan jobbe planmessig med ideutvikling og skissearbeid som del av ein designprosess 
  • kan lage og presentere arkitektteikningar, modellar og digitale presentasjonar for ei definert målgruppe 
  • kan vurdere og analysere ulike visuelle uttrykksformer i eige og andre sitt arbeid. 
Generell kompetanse

 Studenten:

  • kan utnytte faget sitt potensiale i å fremje god byggeskikk og berekraftig utvikling  
  • kan reflektere kring relevante helse-, miljø- og sikkerheits-tiltak knytt til fagområdet  
  • kan utveksle synspunkt og erfaringar med bakgrunn i fagområdet, og gjennom dette bidra til utvikling av god praksis. 
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Arbeids- og undervisningsformene i studiet er ein kombinasjon av førelesing, bruk av digitale formidlings- og læringsressursar og praktisk og teoretisk oppgåveløysing. Undervisninga vert organisert både individuelt og i grupper, og arbeidet kan vere både lærar- og studentstyrt. Studenten får prosessevaluering i arbeidsøktene og i framleggingssituasjonar. Det vert gjennomført turar i nærområdet.  

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Det er obligatorisk frammøte og deltaking i alle organiserte læringsaktivitetar og undervisning, jamfør Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda § 6-6. 

Med deltaking meiner ein at studentane skal arbeide med oppgåveløysing slik at lærar og medstudentar kan få innsyn i læringsprosessane. Studentar som er borte frå undervisninga, har sjølve ansvar for å setje seg inn i gjennomgått fagstoff i deira fråvær.       

Arbeidskrav: Eit praktisk arbeid med tilhøyrande dokumentasjon til fastsett frist. 

Sensorordning
Minimumstal: 
12
Maksimumstal: 
20
Emneansvarleg: 
Knut Einar Lillebø-Voll
Materialavgift

Studenten betaler ei materialavgift på kr. 800,- til innkjøp av fellesmateriale. I tillegg må kvar student pårekne kjøp av litt reiskap/utstyr. Liste over slikt utstyr vert delt ut ved studiestart.

Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Design, kunst og handverk - bachelor
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Praktisk eksamen
Individuell
6 Veker
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
100
Ei praktisk oppgåve med tilhøyrande dokumentasjon.
Godkjent av: 
Unni Hagen