Semestre
KOH132 Arkitektur i skulen
Ingen
Arkitektur i skulen er eit obligatorisk emne i studieprogrammet Bachelor i design, kunst og handverk, og er også ope for vidareutdanningsstudentar. Sentralt i emnet står skapande arbeid innanfor ulike materialområde i to- og tredimensjonale uttrykk. Studenten utviklar grunnleggjande innsikt i, og forståing for, det fysiske nærmiljøet, lokal arkitektur og byggeskikk, og tek dette i bruk i eige skapande arbeid. I emnet vil studenten reflektere over korleis arkitektur kan opplevast og diskuterast, i fortid og notid. Gjennom kreative prosessar, problemløysing og produktutvikling vert det utvikla materialforståing og design- og bearbeidingskompetanse innan ulike materiale. Emnet vil i tillegg fokusere på didaktisk og metodisk kompetanse retta mot undervisning i skulen.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten:
- har kunnskap om kreativitet og estetiske læreprosessar
- har kunnskap om arkitekturanalyse og kjennskap til arkitektur og byggeskikk i notid og fortid
- har kunnskap om korleis arkitektteikningar og digitale presentasjonar av byggeprosjekt vert produserte og presenterte
- har kunnskap om ulike materiale, teknikkar og verkty til konkrete oppgåveløysingar
- har kunnskap om emnet sin plass i fagdidaktiske- og tverrfaglege samanhengar.
Studenten:
- kan bruke formalestetiske verkemiddel og reflektere rundt desse i eige og andre sitt arbeid
- kan utføre arkitekturanalyse på eige og andre sitt arbeid
- kan bruke arkitektur og aktuell byggeskikk som utgangspunkt for nyskaping i eige arbeid
- kan bruke ulike materiale, verkty og teknikkar i varierte arbeidsoppgåver
- kan dokumentere og formidle eigne skapande prosessar
- kan sette emnet inn i fagdidaktisk- og tverrfagleg samanheng.
Studenten:
- kan utnytte faget sitt potensiale til å fremje god byggeskikk og berekraftig utvikling
- reflektere over relevante HMS-tiltak knytt til fagområdet, materiale og verkstader
- kan bruke verdiar i faget til å stimulere eiga personlegdomsutvikling og danning.
Emnet er hovudsakleg konsentrert om praktisk arbeid i verkstaden med utgangspunkt i tema, verkty og teknikkar. Studentane arbeider enkeltvis eller i grupper med faglege problemstillingar gitt av faglærar. Arbeids- og undervisningsformene i studiet er ein kombinasjon av førelesing, bruk av digitale læringsressursar og praktisk og teoretisk oppgåveløysing.
Undervisninga vert organisert individuelt og i grupper, og arbeidet kan vere både lærar- og studentstyrt.
Studentane får individuell rettleiing undervegs i arbeidsøktene.
Det er obligatorisk frammøte og deltaking i alle organiserte læringsaktivitetar og undervisning, jamfør Forskrift om opptak, studium og eksamen, §4-6 ( https://lovdata.no/dokument/SF/forskrift/2014-12-04-1697).
Med deltaking meiner ein at studentane skal arbeide med oppgåveløysning slik at lærar og medstudentar kan få innsyn i læringsprosessane. Studentar som er borte frå undervisninga, har sjølve ansvar for å setje seg inn i gjennomgått fagstoff i deira fråver.
Arbeidskrav: Eitt praktisk arbeid med dokumentasjon, lagt fram til fastsett frist.
Sensur blir gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 5-11.
Studenten betaler ei materialavgift på kr. 800,- til innkjøp av fellesmateriale. I tillegg må kvar student pårekne kjøp av litt reiskap/utstyr. Liste over slikt utstyr vert delt ut ved studiestart.
- Design, kunst og handverk - bachelor
- Design, kunst og handverk vidareutdanning
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Oppgave | Individuell | Veker | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | Praktisk oppgave med prosessrapport |