Semestre
KOH132 Arkitektur i skulen
Ingen
Emnet er obligatorisk i Bachelorgraden i Kunst og handverk, og er også ope for vidareutdanningsstudentar. Sentralt i emnet står skapande arbeid innanfor ulike materialområde i to- og tredimensjonale uttrykk. Studenten utviklar grunnleggjande innsikt i, og forståing for, det fysiske nærmiljø, lokal arkitektur og byggeskikk for å ta dette i bruk i eige skapande arbeid. I emnet vil studenten reflektere over korleis arkitektur kan opplevast og diskuterast, i fortid og notid, og gjennom kreative prosessar, problemløysing og produktutvikling vert det utvikla materialforståing og design- og bearbeidingskompetanse innan ulike materialer. Emnet vil i tillegg fokusere på didaktisk og metodisk kompetanse retta mot undervisning i skulen
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten:
- har kunnskap om kreativitet og estetiske prosessar
- har kunnskap om arkitekturanalyse og kjennskap til arkitektur og byggeskikk i notid og fortid
- har kunnskap om korleis arkitektteikningar og digitale presentasjonar av byggeprosjekt vert produsert og presentert
- har kunnskap om ulike materialer, teknikkar og verktøy til konkrete oppgåveløysingar.
- har kunnskap om digitale verktøy knytt til arkitektur
- har kunnskap om emnet sin plass i fagdidaktiske- og tverrfaglege samanhengar
Studenten:
- kan bruke formalestetiske virkemiddel og reflektere rundt desse i eige og andre sitt arbeid
- kan utføre arkitekturanalyse på eige og andre sitt arbeid
- kan bruke arkitektur og aktuell byggeskikk som utgangspunkt for nyskaping i eige arbeid
- kan bruke ulike materiale, verktøy og teknikkar i varierte arbeidsoppgåver
- kan dokumentere og formidle eigne skapande prosessar
- kan sette emnet inn i fagdidaktisk- og tverrfagleg samanheng
Studenten:
- kan utnytte faget sitt potensiale til å fremje god byggeskikk og berekraftig utvikling
- reflektere over relevante HMS-tiltak knytt til fagområdet, materiale og verkstadar
- kan bruke verdiar i faget til å stimulere eiga personlegdomsutvikling og danning
Emnet er hovudsakleg konsentrert om praktisk arbeid i verkstaden med utgangspunkt i tema, verkty og teknikkar. Studentane arbeider enkeltvis eller i grupper med faglege problemstillingar gitt av faglærar. Undervisningsformene er ein kombinasjon av forelesing,individuell oppgåveløysing og sjølvstudium. Studenten får uformelle prosessevalueringar i arbeidsøktene. Studentar som er borte frå undervisninga har sjølve ansvar for å orientere seg om det som gjekk føre seg under deira fråvær.
Det er obligatorisk oppmøte og deltaking til alle organiserte læringsaktivitetar, jamfør Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda § 4-6.
Arbeidskrav: Praktiske arbeid med prosessdokumentasjonar frå innføringsblokk lagd fram til fastsett tid
Sensur blir gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda.
Studiekvalitetsarbeidet vert gjennomført i samsvar med gjeldande retningslinjer for HVO.
Materialavgift: Studenten betaler ei materialavgift på kr. 800,- til innkjøp av fellesmateriale, samt supplering av utstyr i spesialrom. I tillegg må kvar student pårekne kjøp av litt reiskap/utstyr. Liste over slikt utstyr vert delt ut ved studiestart.
- Design, kunst og handverk - bachelor
- Design, kunst og handverk vidareutdanning
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Oppgave | Individuell | Veker | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | Praktisk oppgave med prosessdokumentasjon og didaktisk refleksjon |