Semesters

KOH138 Fagdidaktikk, kunst- og formkultur

Course code: 
KOH138
Duration: 
1 semester
Credits (ECTS): 
15
Level of study: 
Foundation level (bachelor’s degree level)
Teaching semester: 
2019 Spring
Assessment semester: 
2019 Spring
Language of instruction: 
Norwegian
Required prerequisite knowledge

Ingen

Course content

Fagdidaktikk, kunst- og formkultur er eit obligatorisk emne i studieprogrammet Bachelor i Kunst og handverk. Emne kan delast i to faglege kategoriar, (i) fagdidaktikk og (ii) kunst- og formkultur. Fagdidaktikken her fokuserer Kunst- og handverksfaget sitt teoretiske grunnlag. Dette rører ved teori om kreative- og estetiske læringsprosessar, men også om faghistorie og fagterminologi. Delen som har namnet Kunst- og formkultur har ein historisk overbygnad, og er meint å skape eit breitt referansegrunnlag til bruk for studentane i eigne utøvande arbeidsprosessar. Både eldre kunst- og designhistorie, men mest samtidskunst og nyare formkultur, er innhald i emne. 

 

Learning outcome

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Learning outcome knowledge

Studenten:​

  • har kunnskap om kunst- og handverksfaget si historiske utvikling
  • har kunnskap om aktuelt innhald og arbeidsmåtar i faget kunst- og handverk 
  • har kunnskap om sentrale trekk ved kunst- og formkulturen 
  • har kunnskap om visuell analyse
  • har kunnskap om kreativitet og estetiske læringsprosessar
  • har kunnskap om kunstformidlingsprosessar knytt til eige og andre sitt arbeid
  • har kunnskap om den akademiske skriveforma
Learning outcome skills

Studenten:

  • kan reflektere kring kunst- og handverksfaget si historiske utvikling, og formidle verdien av faget i eit framtidsperspektiv
  • kan presentere sentrale trekk ved kunst- og formkultur, nasjonalt og internasjonalt, på ein overtydande måte
  • har grunnleggande ferdigheiter i fortolking av to- og tredimensjonale formuttrykk ved bruk av ulike analysemetodar, og kunne sjå samanhengar mellom ulike stilperiodar og uttrykksformer
  • kan bruke teori om estetiske læringsprosessar og kreativitet i drøfting av eige og andre sitt skapande arbeid
  • kan uttrykke og drøfte faglege problemstillingar gjennom ei akademisk skriveform
Learning outcome qualification

Studenten:

  • har evne til å vere aktiv aktør og kritisk deltakar i skule og samfunn
  • har evne til å grunngje eige og andre sitt praktiske arbeid ut frå ein fagleg ståstad
  • har innsikt i og forståing for kunst- og formkultur
  • har innsikt i faget sin tverrfaglige relevans
Working and learning activities

Arbeids- og undervisningsformene i emne er ein kombinasjon av førelesing, bruk av digitale læringsressursar, framleggingssituasjonar og teoretisk oppgåveløysing. Undervisninga er organisert individuelt og i grupper, og arbeidet kan vere både lærar- og studentstyrt. Studentar får prosessevalueringar i arbeidsøktene (arbeidskrav) og i framleggingssituasjonar. Studentar gjer også undervegsvurdering av kvarandre sitt arbeid. Studentar som er borte frå undervisninga har sjølve ansvar for å orientere seg om det som gjekk føre seg i deira fråvær.

Assessment requirements

Det er obligatorisk frammøte og deltaking i alle organiserte læringsaktivitetar og undervisning, jamfør Forskrift om opptak, studium og eksamen, §4-6 ( https://lovdata.no/dokument/SF/forskrift/2014-12-04-1697).

Arbeidskrav:

Individuell skriftleg oppgåve på omlag 1800 ord. Oppgåva skal leggast fram munnleg, gruppevis.

Evaluation system

Sensur blir gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 5-11.

Evaluation

Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.

Minimum number of students: 
14
Maximum number of students: 
32
Person in charge: 
Karen Brænne
Used in other programs
  • Design, Arts and Crafts
  • Design, Arts and Crafts - bachelor
  • Design, Arts and Crafts - year course
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Home exam
Individual
3 Days
A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade
Oppgåva skal vere på omlag 2000 ord.
Approval signature: 
Aud Folkestad