Semestre
- 2025 Haust
- 2024 Haust
- 2023 Haust
- 2022 Haust
- 2021 Haust
- 2020 Haust
- 2019 Haust
- 2018 Haust
- 2017 Haust
- 2016 Haust
- 2015 Haust
KUM306D Masteroppgåve i Kulturmøte
KUM301, KUM302 og eitt av dei valfrie emna.
Gjennom eiga forsking skal arbeidet med masteroppgåva i kulturmøte gje studentane djupare innsikt i relevant teori og metode. Det skal òg gje studentane ei meir sjølvstendig haldning til historiske-filosofiske og andre vitskapelege framstillingar, i tillegg til innføring i sjølvstendig vitskapleg arbeid. Studentane skal bruke fagleg teori, metodar og teknikkar i løysinga av forskningsarbeidet.
Masteroppgåva i kulturmøte skal vere ei vitskapleg avhandling som byggjer på eit sjølvstendig studium av kjelder og relevant litteratur.
Masteroppgåva er obligatorisk for mastergradsstudentar, tilsvarar halvparten av mastergradsstudiet og utgjer 60 studiepoeng.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten skal ha
- kunnskap om relevant teoretisk og metodisk basis for vitskapleg arbeid
- dokumentert evne til å nytte kjeldestudium og relevant litteratur til løysing av ei vitskapleg problemstilling
- kompetanse til utvikling og gjennomføring av forskingsprosjekt av større omfang
Studenten skal ha
- føresetnader for å skrive ei sjølvstendig, kjeldekritisk oppgåve basert utifrå ei gitt problemstilling.
- evne til å vurdere og forstå kulturell sameksistens og konflikt realhistorisk og interdisiplinært.
Studenten skal
- kunne vurdere og forstå kulturell sameksistens og konflikt realhistorisk og interdisiplinært
- kunne nytte kunnskapane sine på nye område for å gjennomføra avanserte arbeidsoppgåver og prosjekt innan forsking, utgreiing, undervisning og formidling om feltet
- ha faglege føresetnader for å leie arbeid med kulturell integrering
- kunna planleggje og gjennomføre nye FOU-prosjekt – åleine og i samarbeid med andre
Studentar på Mastergrad i kulturmøte har krav på rettleiing i arbeidet med oppgåva. Studentane er òg pliktige til å leggja oppgåva fram for rettleiing under arbeidet med henne. Rettleiinga vil bli regulert gjennom ein individuell rettleiingsavtale.
Som del av masterutdanninga tilbyr vi skriveseminar, i tillegg til manusseminar og det er forventa at kandidaten legg fram delar av oppgåva si til diskusjon her.
For å levere masteroppgåva til vurdering, må studenten ha stått til eksamen i dei to valfrie emna.
Sensur blir gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 9-4
- Kulturmøte - master (deltid)
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Masteroppgåve | Individuell | 4 semester | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | Det blir gitt ein førebels karakter på oppgåva. Masteroppgåva må vere stått for å få gå opp til munnleg justerande eksamen. | Oppgåva skal vere på mellom 70 og 120 sider i ei 12 pkt. skrift med 1,5 i lineavstand. Framside, obligatoriske samandrag, notar, tabellar, bibliografi og vedlegg kjem i tillegg. | ||
Munnleg justerande eksamen | Individuell | 1 timar | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | 100 | Munnleg eksamen justerer og fastset den endelege karakteren. | Masteroppgåva utan notat. |