Semestre

KUM306D Masteroppgåve i Kulturmøte

Emnekode: 
KUM306D
Varighet: 
4 semester
Studiepoeng: 
60
Studienivå: 
Master
Undervisningssemester: 
2017 Haust
2018 Vår
2018 Haust
2019 Vår
Eksamenssemester: 
2019 Vår
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

KUM301, KUM302 og eitt av dei valfrie emna (KUM304, KUM305, KUM307 eller KUM308).

Om emnet

Gjennom eiga forsking skal arbeidet med masteroppgåva gje studentane djupare innsikt i teori og metode innanfor kulturhistorieforskinga. Det skal òg gje studentane ei meir sjølvstendig haldning til historiske framstillingar og historisk kjeldemateriale i tillegg til innføring i sjølvstendig vitskapleg arbeid. Studentane skal sjølve bruka fagleg teori, metodar og teknikkar i løysinga av historiske problem.

Masteroppgåva i kulturmøte skal vera ei vitskapleg avhandling som byggjer på eit sjølvstendig studium av (historiske) kjelder og relevant litteratur.

Masteroppgåva er obligatorisk for mastergradsstudentar, tilsvarar halvparten av mastergradsstudiet og utgjer 60 studiepoeng.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten har

  • kunnskap om relevant teoretisk og metodisk basis for vitskapleg arbeid
  • dokumentert evne til å nytte kjeldestudium og relevant litteratur til løysing av ei vitskapleg problemstilling kompetanse til utvikling av og gjennomføring av forskingsprosjekt av større omfang
Ferdigheiter

Studenten har

  • føresetnader for å skrive ein sjølvstendig, kildekritisk oppgåve basert på ei gitt problemstilling.
  • evne til å vurdera og forstå kulturell sameksistens og konflikt realhistorisk og interdisiplinært innafor regionen.
Generell kompetanse

Studenten

  • kan vurdera og forstå kulturell sameksistens og konflikt realhistorisk og interdisiplinært
  • kan nytte kunnskapane sine på nye område for å gjennomføra avanserte arbeidsoppgåver og prosjekt innan forsking, utgreiing, undervisning og formidling om feltet
  • har faglege føresetnader for å leia arbeid med kulturell integrering
  • kan planleggja og gjennomføra nye FOU-prosjekt – åleine og i samarbeid med andre

 

Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Studentar på Mastergrad i kulturmøte har krav på rettleiing i arbeidet med oppgåva. Studentane er òg pliktige til å leggja oppgåva fram for rettleiing under arbeidet med henne. Rettleiinga vil bli regulert gjennom ein individuell rettleiingsavtale. Kandidaten skal i startfasen av arbeidet med masteroppgåva, i samråd med rettleiar, levera ein synopsis/ei prosjektskisse på maksimalt 4000 ord med 1,5 i lineavstand og 12 pkt. skrift. Om arbeidet med og innhaldet i prosjektskissa, sjå emneplan for KUM302. Skissa skal vera godkjend av rettleiar før kandidaten går vidare med masterppgåvearbeidet.

 Som del av masterutdanninga tilbyr vi skriveseminar, og det er forventa at kandidaten legg fram delar av oppgåva si til diskusjon her.

Vilkår for å framstille seg til eksamen

For å levere masteroppgåva til vurdering må studenten ha stått til eksamen på båe dei to valfrie emna.

Minimumstal: 
1
Maksimumstal: 
15
Emneansvarleg: 
Inger Marie Okkenhaug
Emnet inngår i følgande studieprogram
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Masteroppgåve
Individuell
4 semester
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Det blir gitt ein førebels karakter på oppgåva. Masteroppgåva må vere stått for å få gå opp til munnleg justerande eksamen.
35.000 - 40.000 ord med 1,5 i lineavstand og 12 pkt skrift. Notar, tabellar, bibliografi og vedlegg kjem i tillegg.
Munnleg justerande eksamen
Individuell
1 timar
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
100
Munnleg eksamen justerer og fastset den endelege karakteren.
Masteroppgåva utan notat.
Godkjent av: 
Odd Ragnar hunnes 25.02.17