Semestre
- 2025 Haust
- 2024 Haust
- 2023 Haust
- 2022 Haust
- 2021 Haust
- 2020 Haust
- 2019 Haust
- 2018 Haust
- 2017 Haust
- 2016 Haust
- 2015 Haust
KUM306D Masteroppgåve i Kulturmøte
KUM301, KUM302 og eitt av dei valfrie emna.
Gjennom eiga forsking skal arbeidet med masteroppgåva gje studentane djupare innsikt i teori og metode innanfor kulturhistorieforskinga. Det skal òg gje studentane ei meir sjølvstendig haldning til historiske framstillingar og historisk kjeldemateriale, i tillegg til innføring i sjølvstendig vitskapleg arbeid. Studentane skal sjølve bruke fagleg teori, metodar og teknikkar i løysinga av historiske problem.
Masteroppgåva i kulturmøte skal vere ei vitskapleg avhandling som byggjer på eit sjølvstendig studium av (historiske) kjelder og relevant litteratur.
Masteroppgåva er obligatorisk for mastergradsstudentar, tilsvarar halvparten av mastergradsstudiet og utgjer 60 studiepoeng.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten skal ha
- kunnskap om relevant teoretisk og metodisk basis for vitskapleg arbeid
- dokumentert evne til å nytte kjeldestudium og relevant litteratur til løysing av ei vitskapleg problemstilling
- kompetanse til utvikling og gjennomføring av forskingsprosjekt av større omfang
Studenten skal ha
- føresetnader for å skrive ei sjølvstendig, kjeldekritisk oppgåve basert utifrå ei gitt problemstilling.
- evne til å vurdere og forstå kulturell sameksistens og konflikt realhistorisk og interdisiplinært.
Studenten skal
- kunne vurdere og forstå kulturell sameksistens og konflikt realhistorisk og interdisiplinært
- kunne nytte kunnskapane sine på nye område for å gjennomføra avanserte arbeidsoppgåver og prosjekt innan forsking, utgreiing, undervisning og formidling om feltet
- ha faglege føresetnader for å leie arbeid med kulturell integrering
- kunna planleggje og gjennomføre nye FOU-prosjekt – åleine og i samarbeid med andre
Studentar på Mastergrad i kulturmøte har krav på rettleiing i arbeidet med oppgåva. Studentane er òg pliktige til å leggja oppgåva fram for rettleiing under arbeidet med henne. Rettleiinga vil bli regulert gjennom ein individuell rettleiingsavtale.
Som del av masterutdanninga tilbyr vi skriveseminar, i tillegg til manusseminar og det er forventa at kandidaten legg fram delar av oppgåva si til diskusjon her.
For å levere masteroppgåva til vurdering, må studenten ha stått til eksamen i dei to valfrie emna.
- Kulturmøte - master (deltid)
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Masteroppgåve | Individuell | 4 semester | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | Det blir gitt ein førebels karakter på oppgåva. Masteroppgåva må vere stått for å få gå opp til munnleg justerande eksamen. | Oppgåva skal vere på mellom 70 og 120 sider i ei 12 pkt. skrift med 1,5 i lineavstand. Framside, obligatoriske samandrag, notar, tabellar, bibliografi og vedlegg kjem i tillegg. | ||
Munnleg justerande eksamen | Individuell | 1 timar | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | 100 | Munnleg eksamen justerer og fastset den endelege karakteren. | Masteroppgåva utan notat. |