Semestre
- 2024 Haust
- 2023 Haust
- 2022 Haust
- 2021 Haust
- 2020 Haust
- 2019 Haust
- 2018 Haust
- 2017 Haust
- 2016 Haust
- 2015 Haust
KUM306D Masteroppgåve i Kulturmøte
KUM301, KUM302 og eitt av dei valfrie emna.
Gjennom eiga forsking skal arbeidet med masteroppgåva gje studentane djupare innsikt i teori og metode innanfor kulturhistorieforskinga. Det skal òg gje studentane ei meir sjølvstendig haldning til historiske framstillingar og historisk kjeldemateriale i tillegg til innføring i sjølvstendig vitskapleg arbeid. Studentane skal sjølve bruka fagleg teori, metodar og teknikkar i løysinga av historiske problem.
Masteroppgåva i kulturmøte skal vera ei vitskapleg avhandling som byggjer på eit sjølvstendig studium av (historiske) kjelder og relevant litteratur.
Masteroppgåva er obligatorisk for mastergradsstudentar, tilsvarar halvparten av mastergradsstudiet og utgjer 60 studiepoeng.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket skal studenten ha følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten skal ha
- kunnskap om relevant teoretisk og metodisk basis for vitskapleg arbeid
- dokumentert evne til å nytte kjeldestudium og relevant litteratur til løysing av ei vitskapleg problemstilling kompetanse til utvikling av og gjennomføring av forskingsprosjekt av større omfang
Studenten skal ha
- føresetnader for å skriva ei sjølvstendig, kjeldekritisk oppgåve basert på ei gitt problemstilling.
- evne til å vurdera og forstå kulturell sameksistens og konflikt realhistorisk og interdisiplinært innafor regionen.
Studenten skal
- kunna vurdera og forstå kulturell sameksistens og konflikt realhistorisk og interdisiplinært
- kunna nytta kunnskapane sine på nye område for å gjennomføra avanserte arbeidsoppgåver og prosjekt innan forsking, utgreiing, undervisning og formidling om feltet
- ha faglege føresetnader for å leia arbeid med kulturell integrering
- kunna planleggja og gjennomføra nye FOU-prosjekt – åleine og i samarbeid med andre
Studentar på Mastergrad i kulturmøte har krav på rettleiing i arbeidet med oppgåva. Studentane er òg pliktige til å leggja oppgåva fram for rettleiing under arbeidet med henne. Rettleiinga vil bli regulert gjennom ein individuell rettleiingsavtale. Kandidaten skal i startfasen av arbeidet med masteroppgåva, i samråd med rettleiar, levera ein synopsis/ei prosjektskisse på maksimalt 4000 ord med 1,5 i lineavstand og 12 pkt. skrift. Om arbeidet med og innhaldet i prosjektskissa, sjå emneplan for KUM302. Skissa skal vera godkjend av rettleiar før kandidaten går vidare med masterppgåvearbeidet.
Som del av masterutdanninga tilbyr vi skriveseminar, og det er forventa at kandidaten legg fram delar av oppgåva si til diskusjon her.
For å levera masteroppgåva til vurdering må studenten ha stått til eksamen på begge dei to valfrie emna.
- Kulturmøte - master (deltid)
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Masteroppgåve | Individuell | 4 semester | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | Det blir gitt ein førebels karakter på oppgåva. Masteroppgåva må vere stått for å få gå opp til munnleg justerande eksamen. | Oppgåva skal vere på mellom 70 og 120 sider i ei 12 pkt. skrift med 1,5 i lineavstand. Framside, obligatoriske samandrag, notar, tabellar, bibliografi og vedlegg kjem i tillegg. | ||
Munnleg justerande eksamen | Individuell | 1 timar | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | 100 | Munnleg eksamen justerer og fastset den endelege karakteren. | Masteroppgåva utan notat. |