Semesters
KUM307 Secularity and school facing religious plurality
Ingen for studentar på mastergraden i Kulturmøte.Studentar frå andre mastergrader ved HVO, kan søkje om opptak dersom dei har fordjuping i historie eller religion eller tilsvarande bakgrunn innan humanistiske eller samfunnsvitskaplege fag med minimum 80 studiepoeng, derav 20 stp fordjuping i det same faget.
Emnet tek for seg tre tema:
- Religion og skule i norsk og europeisk perspektiv: norsk skulehistorie, religionsfagets historie; religion og skule i Europa
- Sekularitet og pluralitet: innføring i sekulariseringsprosessar i Vesten og kva dette inneber i dag. I kva grad er det rom for ulike religiøse tradisjonar i det offentlege?
- Didaktiske perspektiv på det plurale klasseromet
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten har
- avansert kunnskap om den idéhistoriske bakgrunnen for sekulariseringa av samfunnet og skulen
- spesialisert innsikt i tilhøvet mellom religion og skule i Noreg og Europa
Studenten kan
- analysere kritisk diskursar om religion og skule
- analysere kritisk teoriar om sekularisering og religiøs pluralitet
Studenten kan
- analysere fag- og yrkesetiske problemstillingar knytte til religion og pluralitet i skulen
- drøfte og formidle faglege problemstillingar knytte til skule, religion, sekularitet og pluralitet, både med spesialister og til ålmenta
I emnet vil ein nytta varierte undervisnings- og arbeidsformer – seminar og førelesning, i tillegg til prosessorientert skriving.
Følgjande sjølvstendige og individuelle arbeidskrav skal gjennomførast:
Frammøtekrav:
- Delta på ein obligatorisk seminardag og leggje fram eit emne frå pensumlitteraturen
Arbeidskrav:
- Skrive ei prosessoppgåve i samsvar med nærare oppsette formkrav og framdriftsplan. Ei prosessoppgåve skal ha eit omfang av ca 4000 ord med 1,5 i lineavstand og 12 pkt. skrift.
- Skrive kortare kommentarar (responsar) til prosessoppgåver frå eit antal medstudentar. Ein kommentar skal ha eit omfang av 400-600 ord med 1,5 i lineavstand og 12 pkt. skrift.
- Skrive eit refleksjonsnotat som skal ha eit omfang av 400-600 ord med 1,5 i lineavstand og 12 pkt. skrift.
Arbeidskrava blir vurderte til godkjent/ikkje godkjent. Ein student som får "ikkje godkjent" på eitt eller fleire av arbeidskrava, får høve til å forbetre elementet til godkjent nivå same semester.
Prosessoppgåva (sjå 1. punkt over) skal bearbeidast til eksamensoppgåve etter kommentarar frå medstudentar og faglærar. Den skal leverast som eksamensoppgåve, i same semester som arbeidet er utført. Sjå under "Vurderingsformer". Eksamensoppgåva skal ha same omfang som prosessoppgåva.
Sensur blir gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 5-11 (http://lovdata.no/forskrift/2014-12-04-1697/%C2%A75-11)
Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem. (http://www.hivolda.no/hivolda/om-hogskulen/kvalitetsarbeid)
- Cultural Encounters - master
- Cultural Encounters - master
Assessment Form | Grouping | Duration | Grading scale | Proportion | Comment | Support Materials | Scope |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Oppgave | Individual | 1 Semester | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | ||||
Adjusting oral examination | Individual | 1 Hours | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade |