Semesters
- 2025 Autumn
- 2024 Autumn
- 2023 Autumn
- 2022 Autumn
- 2021 Autumn
- 2020 Autumn
- 2019 Autumn
- 2018 Autumn
- 2017 Autumn
- 2016 Autumn
MEI301 Meistring og myndiggjering – samhandlingsperspektivet
Ingen.
Meistring og myndiggjering er kjernetema i studiet. Kunnskap, innsikt og handlingskompetanse på desse områda krev bidrag frå ulike fag og disiplinar, og perspektiv på ulike nivå. Helse- og sosialarbeidarar skal i hovudsak utøve arbeidet sitt i nære relasjonar til brukarar, deira pårørande og sosiale omgjevnad. Å målrette arbeidet mot meistring og myndiggjering føreset kompetanse i samhandling i andletsnære relasjonar i ulike kontekstar, ulike problemtypar og ulike metodar for å realisere ulike mål.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten skal ha
- inngåande kunnskap om sentrale teoriar om meistring, myndiggjering og brukerdeltaking med vekt på kommmunikasjon og samhandling.
Studenten skal ha
- ferdigheiter i å analysere samhandlingsrelasjonar og styrke og vidareutvikle dei slik at meistring og myndiggjering kan realiserast i samarbeid med brukar og andre sentrale aktørar
Studenten skal ha generell kompetanse
- i å utøve godt skjønn ved bruk av teori, eigne profesjonelle erfaringar og brukarkompetanse i samhandling med brukarar, pårørande og andre profesjonelle.
- i kommunikasjonsformer som fremjer læring, meistring og myndiggjering
- i å kunne identifisere og endre samhandling som hemmer myndiggjering gjennom etisk refleksjon
Innhaldet i dette emnet er organisert i fire hovudtema:
Tema 1 – Læring og meistring:
Sentrale omgrep og modellar i meistringsteori, analyse og arbeid med relasjonar og pedagogiske situasjonar for læring og meistring, og kritiske perspektiv på teoriar om meistring og empowerment.
Tema 2- Kommunikasjon og meiningsdanning:
Sentrale omgrep og modellar i kommunikasjonsteori, kommunikativ kompetanse, språk og meiningsdanning, endringsfokusert kommunikasjon, prosess og relasjonsdanning, språk og språkbruk i brukarretta informasjon.
Tema 3- Brukar/pasient- og pårørandeerfaringar:
Brukarerfaring i helse- og sosialsektoren, pasient- og pårørandeerfaringar ved ulike somatiske og psykiske lidingar, helseutfordringar for ulike brukargrupper i forskjellige livsfasar, utfordringar i fleirkulturelle relasjonar.
Tema 4 - Etiske utfordringar og dilemma:
Menneskesyn og etikk i nære relasjonar, etiske verdiar og faglege verdiar, makt og kontroll i nære relasjonar, dialog, tillit og autonomi
Undervisninga er lagt til tre vekesamlingar, med fire undervisningsdagar og ein studiedag på kvar samling:
- Samling 1: Veke 35
- Samling 2: Veke 41
- Samling 3: Veke 46
Undervisninga er ein kombinasjon av forelesingar, gruppearbeid, seminar, presentasjon av arbeid med heimeoppgåve og drøfting i plenum m.m. Det blir forventa at studentane driv sjølvstudium mellom samlingane, og at dei leverer utkast til heimeoppgåve for presentasjon og kommentering. Presentasjonen omfattar både kommentar frå faglærar, og førebudde og spontane studentkommentarar.
Det er krav om deltaking på to av tre samlingar (eller 65 % av tida på samlingane).
Sensur blir gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda §5-11.
- Health and Social Sciences - master
- Health and Social Sciences - master
- Planning and Leadership - master (part time)
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Oppgave | Individual | 1 Semesters | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | 50 | Oppgåva skal ha ei relevant problemstilling. Det er rettleiing knytta til oppgåva. | Alle. | Omlag 5000 ord (+/-10%). |
Home exam | Individual | 5 Hours | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | 50 | Digital eksamen. |