Semestre

MEI304 Masteroppgåve i helse og sosialfag - meistring og myndiggjering (30 stp)

Emnekode: 
MEI304
Varighet: 
2 semester
Studiepoeng: 
30
Studienivå: 
Master
Undervisningssemester: 
2023 Haust
2024 Vår
Eksamenssemester: 
2024 Vår
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

I alt 60 studiepoeng av masterprogrammet må vere fullført for å få opptak til emnet. Før oppstart må dei obligatoriske emna MEI301 og MEI302 vere fullført med minimum karakteren C. I tillegg må to godkjende 15 studiepoengsemne på masternivå vere fullførte. Masteroppgåve kan ikkje leverast før ein har bestått eksamen i Forskingsmetode og vitskapsteori (MEI303).

Om emnet

Skriving av masteroppgåve er avsluttande emne på Masterstudiet i helse og sosialfag, Meistring og myndiggjering. Studiet skal gi studentane kunnskap, ferdigheiter, haldningar og etisk medvit til å fremje læring, meistring og myndiggjering i eige arbeid.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne: 

Kunnskapar
  • Studenten skal ha inngåande kunnskap om forskingsmetoden som er valt for masteroppgåva
  • Studenten skal ha inngåande kunnskap om forskingsetiske retningslinjer
  • Studenten skal ha omfattande kunnskap om feltet studenten vel å forske på 
  • Studenten skal ha forskingsmetodisk kunnskap til å kunne analysere og vurdere eiga og andre si forsking
  • Studenten skal ha god kunnskap om krav til akademisk skriving 
Ferdigheiter
  • Studenten skal ha sjølvstendige ferdigheiter til å utvikle eit helse- eller sosialfagleg forskingsopplegg som gir relevante data; innsamla og analysert med vitskaplege metodar
  • Studenten skal kunne vurdere om ulike forskingsdesign er tenlege for å utvikle kunnskap og analysere og vurdere eiga og andre si forsking
  • Studenten skal ha gode ferdigheiter til å kunne gjere grundige vurderingar av forskingsetiske omsyn gjennom heile forskingsprosessen
  • Studenten skal kunne finne og gjere seg nytte av relevant litteratur og kunne setje eiga forsking inn i ei teoretisk fruktbar ramme på ein kritisk reflektert måte
  • Studenten skal i høg grad meistre akademisk skriving og skal kunne presentere eigne forskingsprosjekt, resultat og faglege drøftingar skriftleg og munnleg
Generell kompetanse
  • Studenten skal utvikle kompetanse i å planlegge, gjennomføre, presentere og reflektere kritisk i sjølvstendige forskings- og utviklingsprosjekt.
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Studentane skal velje eit helse- eller sosialfagleg relevant forskingstema og på bakgrunn av undervisning og rettleiing gjennomføre eit sjølvstendig forskingsarbeid.

Arbeidet med masteroppgåva går parallelt med emnet Forskingsmetode og vitskapsteori (MEI303) i haustsemesteret. Studentane skal levere eit oppgåvenotat, og presentere status for oppgåva for medstudentar og faglærar på oppgåveseminar. I det påfølgjande vårsemesteret vert det arrangert to samlingar med undervisningstilbod i oppgåveskriving og analyse. På desse samlingane vert det også oppgåvepresentasjonar frå studentane.

Vilkår for å framstille seg til eksamen

For å levere masteroppgåva til vurdering, må studenten ha

  • bestått til eksamen i emnet MEI 303 Forskingsmetode og vitskapsteori. Masteroppgåva må vere bestått for å få gå opp til munnleg justerande eksamen 
  • presentert eige arbeid med masteroppgåva og gitt kommentarar til medstudentar på minst to av samlingane
  • levert prosjektskisse som er godkjent av rettleiar
Sensorordning
Maksimumstal: 
20
Emneansvarleg: 
Finn Ove Båtevik
Silje Louise Dahl
Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Helse- og sosialfag - master (deltid)
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Masteroppgåve
Individuell
2 Semester
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Masteroppgåva blir evaluert av ein kommisjon med to medlemmar og får ein førebels bokstavkarakter.
Alle.
25.000 ord (+/- 10%). Skrifttype Times New Roman, linjeavstand 1,5 og bokstavstorleik 12-punkt. Standard framside, obligatorisk samandrag (norsk og engelsk), forord, innhaldsliste, litteraturliste og eventuelle vedlegg tel ikkje med i talet på ord.
Munnleg justerande eksamen
Individuell
45 minutt
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
100
Munnleg justerande eksamen der masteroppgåva skal forsvarast, inntil 45 minutt. Munnleg justerande eksamen fastset den endelege karakteren i emnet.
Godkjent av: 
Randi Bergem 27.02.2023