Semestre

MEI304 Masteroppgåve i helse og sosialfag - meistring og myndiggjering (30 stp)

Emnekode: 
MEI304
Varighet: 
2 semester
Studiepoeng: 
30
Studienivå: 
Master
Undervisningssemester: 
2018 Haust
2019 Vår
Emnenavn på engelsk: 
Master's thesis in Health and Social Sciences (30 credits)
Emnenavn på bokmål: 
Masteroppgåve i helse og sosialfag (30 stp)
Eksamenssemester: 
2018 Haust
2019 Vår
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

60 studiepoeng av masterprogrammet må vere fullført for å få opptak til emnet. Dette inkluderer dei obligatoriske emna Meistring og myndiggjering - samhandlingsperpektivet (MEI301) og Meistring og myndiggjering - strukturperspektivet (MEI302) som må vere fullført med karakteren C eller betre som resultat.Det er eit avgrensa tal plassar på emnet og ved rangering tek ein utgangspunkt i karakterane på dei obligatoriske emna. Deretter blir søkjarane rangerte på grunnlag av gjennomsnittskarakterar på alle emna søkjarane har gjennomført i mastergradsstudiet. Ved lik rangering vert det loddtrekking. Masteroppgåve kan ikkje leverast før ein har stått eksamen i Forskingsmetode og vitskapsteori (MEI303).

Om emnet

MEI304 inngår i Masterstudiet i helse- og sosialfag, Meistring og myndiggjering som skal medverke til utvikling av helse- og sosialfagleg praksis basert på vitskapleg reflektert kunnskap om personar eller grupper med hjelpebehov i helse- og sosialsektoren. Problemstillingane i studiet og dei oppgåvene studentane arbeider med, skal ha ein klar praktisk relevans. Samla vil dette gi auka kompetanse i klinisk arbeid kombinert med FOU-arbeid, undervisning og førebyggande arbeid.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket skal studenten ha følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Målet er at undervisninga og rettleiinga skal hjelpe studentane til å skrive ei masteroppgåve som fyller krava til vitskapleg arbeid. Då må dei på ein grunngitt måte velje eit helsefagleg eller sosialfagleg forskingstema og presisere dette temaet til ei forskbar problemstilling. Denne problemstillinga må drøftast med utgangspunkt i relevant litteratur og setjast inn i ei teoretisk fruktbar ramme. Studentane skal velje eit forskingsopplegg som gir relevante data, innsamla og analysert med vitskaplege metodar. Forskingsetiske omsyn skal også tilleggjast vekt. Masteroppgåva skal vere språkleg ryddig og formelt korrekt når det gjeld referansar og kjeldebruk.

Ferdigheiter

Målet er at undervisninga og rettleiinga skal hjelpe studentane til å skrive ei masteroppgåve som fyller krava til vitskapleg arbeid. Det innebærer val av ei forskbar problemstilling, drøfting av problemstillinga i forhold til relevant litteratur, val av teoretisk ramme, datainnsamling og -analyse, og korrekt kildebruk. Forskingsetiske omsyn skal og tilleggast vekt.

Generell kompetanse

Målet er at studenten skal få kompentanse til å gjennomføre utviklings- og utgreiingsarbeid på eigen hand.

Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Arbeidet med masteroppgåva går parallelt med emnet Forskingsmetode og vitskapsteori, og begge emna strekkjer seg over to semester. Studentane må levere eit oppgåvenotat med søknad om godkjenning av oppgåvetema. Deretter får kvar tildelt ein rettleiar. Studentane må presentere arbeidet med oppgåva under metodesamlingane. Oppgåveseminar i samband med masteroppgåva og undervisninga i Forskingsmetode og vitskapsteori er lagt til dei same undervisningssamlingane:

  • Samling 1: veke 36
  • Samling 2: veke 43
  • Samling 3: veke 49
  • Samling 4: veke 4 (2019)
  • Samling 5: veke 8 (2019)

Til den tredje samlinga skal det leverast ein prosjektplan for masteroppgåva. Vidare rettleiing etter tredje samling føreset at prosjektplanen er levert.Det er høve for to studentar til å skrive felles masteroppgåve. Ein forventar at slike oppgåver gjenspeglar ein større arbeidsinnsats enn dei individuelle, og dei kan vere inntil 50 prosent lengre enn angitt ramme for individuelle oppgåver. Når to skriv saman, må studentane levere ei skriftlig erklæring som viser arbeidsdelinga mellom dei og kva deler av oppgåva den enkelte har hovudansvaret for. Studentar som skriv oppgåve saman, går opp til munnleg eksamen kvar for seg.

Vilkår for å framstille seg til eksamen

For å levere masteroppgåva til vurdering må studenten ha stått til eksamen i emnet MEI 303 Forskingsmetode og vitskapsteori. Masteroppgåva må vere stått for å få gå opp til munnleg justerande eksamen. 

Evaluering og kvalitetssikring

Studentane vel tre representantar som saman med dei emneansvarlege utgjer fagutvalet for emnet. Fagutvalet har møte i slutten av kvar samling. Emnet vert elles evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.

Maksimumstal: 
20
Emneansvarleg: 
Finn Ove Båtevik
Bente Hasle
Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Helse- og sosialfag - master
  • Helse- og sosialfag - master (deltid)
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Masteroppgåve
Individuell
2 Semester
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Masteroppgåva blir evaluert av ein kommisjon med to medlemmar og får ein førebels bokstavkarakter.
Alle.
Omlag 75 sider (+/- 10%), skrifttype Times New Roman, linjeavstand 1,5 og bokstavstorleik 12-punkt. Standard framside, obligatorisk samandrag og eventuelle vedlegg tel ikkje med i talet på sider.
Munnleg justerande eksamen
Individuell
1 timar
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
100
Munnleg justerande eksamen der masteroppgåva skal forsvarast. Munnleg justerande eksamen fastset den endelege karakteren i emnet.
Godkjent av: 
Odd Ragnar Hunnes 14.02.18