Semestre

MEI304 Masteroppgåve i helse og sosialfag - meistring og myndiggjering (30 stp)

Emnekode: 
MEI304
Varighet: 
2 semester
Studiepoeng: 
30
Studienivå: 
Master
Undervisningssemester: 
2022 Haust
2023 Vår
Eksamenssemester: 
2023 Vår
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

I alt 60 studiepoeng av masterprogrammet må vere fullført for å få opptak til emnet. Før oppstart må dei obligatoriske emna MEI301 og MEI302 vere fullført med minimum karakteren C. I tillegg må to godkjende 15 studiepoengsemne på masternivå vere fullførte. Masteroppgåve kan ikkje leverast før ein har bestått eksamen i Forskingsmetode og vitskapsteori (MEI303).

Om emnet

MEI304 inngår i Masterstudiet i helse- og sosialfag, Meistring og myndiggjering, som skal medverke til utvikling av helse- og sosialfagleg praksis basert på vitskapleg reflektert kunnskap om personar eller grupper med hjelpebehov i helse- og sosialsektoren. Problemstillingane i studiet og dei oppgåvene studentane arbeider med, skal ha ein klar praktisk relevans. Samla vil dette gi auka kompetanse i praktisk arbeid kombinert med FOU-arbeid, undervisning og førebyggande arbeid.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne: 

Kunnskapar
  • Studenten skal ha inngåande kunnskap om ulike kvalitative og kvantitative design innanfor samfunnsvitskapleg forsking 
  • Studenten skal ha inngåande kunnskap om forskingsetiske retningslinjer
  • Studenten skal ha omfattande kunnskap om feltet han/ho vel å forske på 
  • Studenten skal ha forskingsmetodisk kunnskap til å kunne analysere og vurdere eiga og andre si forsking
  • Studenten skal ha kunnskap om krav til akademisk skriving
Ferdigheiter
  • Studenten skal ha ferdigheiter til å utvikle eit helse- eller sosialfagleg forskingsopplegg som gir relevante data; innsamla og analysert med vitskaplege metodar.
  • Studenten skal kunne vurdere om ulike forskingsdesign er tenlege for å utvikle kunnskap og analysere og drøfte eiga og andre si forsking
  • Studenten skal ha ferdigheiter til å kunne gjere grundige vurderingar av forskingsetiske omsyn gjennom heile forskingsprosessen
  • Studenten skal kunne finne og gjere seg nytte av relevant litteratur og kunne setja eiga forsking inn i ei teoretisk fruktbar ramme
  • Studenten skal meistre akademisk skriving og kunne presentere eigne forskingsprosjekt, resultat og faglege drøftingar både skriftleg og munnleg.
Generell kompetanse
  • Studenten skal utvikle kompetanse til å planlegge, gjennomføre, presentere og reflektere over sjølvstendige forskings- og utviklingsprosjekt.
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Studentane skal velje eit helse- eller sosialfagleg forskingstema og på bakgrunn av undervisning og rettleiing gjennomføre eit sjølvstendig forskingsarbeid.

Arbeidet med masteroppgåva går parallelt med emnet Forskingsmetode og vitskapsteori (MEI303) i haustsemesteret. Studentane skal levere eit oppgåvenotat, og presentere status for oppgåva for medstudentar og rettleiarar på oppgåveseminar undervegs i haustsemesteret. I det påfølgjande vårsemesteret vert det arrangert to samlingar med undervisningstilbod rundt oppgåveskriving og analyse. På desse samlingane vert det også oppgåvepresentasjonar frå studentane.

Oppgåveseminara og undervisninga i Forskingsmetode og vitskapsteori er lagt til dei same samlingane i haustsemesteret:

  • Samling 1: veke 33 - Notatskriving
  • Samling 2: veke 42 - Presentasjon og tid til rettleiing
  • Samling 3: veke 47 - Tid til rettleiing
  • Samling 4: veke 3 (2023) - Om oppgåveskriving, presentasjon og tid til rettleiing
  • Samling 5: veke 11 (2023) - Om analyse, presentasjon og tid til rettleiing

Innan 15. oktober skal heiltidsstudentane levere ein prosjektplan (arbeidskrav) for masteroppgåva. Studentar som gjennomfører master på deltid skal levere prosjektplanen (arbeidskrav) innan 1. februar påfølgjande semester. Vidare rettleiing føreset at prosjektplanen er levert og godkjent av rettleiar.

Aktiv deltaking frå studentane er ein føresetnad for læringsutbytet. 

Vilkår for å framstille seg til eksamen

For å levere masteroppgåva til vurdering, må studenten ha bestått til eksamen i emnet MEI 303 Forskingsmetode og vitskapsteori. Masteroppgåva må vere bestått for å få gå opp til munnleg justerande eksamen. 

Studenten må ha presentert og gitt førebudde kommentarar til medstudentar på minst to av samlingane (arbeidskrav).

Levert prosjektskisse som er godkjent av rettleiar (arbeidskrav).

Sensorordning
Maksimumstal: 
20
Emneansvarleg: 
Finn Ove Båtevik
Silje Louise Dahl
Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Helse- og sosialfag - master (deltid)
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Masteroppgåve
Individuell
2 Semester
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Masteroppgåva blir evaluert av ein kommisjon med to medlemmar og får ein førebels bokstavkarakter.
Alle.
25.000 ord (+/- 10%). Skrifttype Times New Roman, linjeavstand 1,5 og bokstavstorleik 12-punkt. Standard framside, obligatorisk samandrag (norsk og engelsk), forord, innhaldsliste, litteraturliste og eventuelle vedlegg tel ikkje med i talet på ord.
Munnleg justerande eksamen
Individuell
45 minutt
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
100
Munnleg justerande eksamen der masteroppgåva skal forsvarast, inntil 45 minutt. Munnleg justerande eksamen fastset den endelege karakteren i emnet.
Godkjent av: 
Randi Bergem 07.03.2022