Semestre

MEI304 Masteroppgåve i helse og sosialfag - meistring og myndiggjering (30 stp)

Emnekode: 
MEI304
Varighet: 
2 semester
Studiepoeng: 
30
Studienivå: 
Master
Undervisningssemester: 
2019 Haust
2020 Vår
Eksamenssemester: 
2020 Vår
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

60 studiepoeng av masterprogrammet må vere fullført for å få opptak til emnet. Dette inkluderer dei obligatoriske emna Meistring og myndiggjering - samhandlingsperpektivet (MEI301) og Meistring og myndiggjering - strukturperspektivet (MEI302) som må vere fullført med karakteren C eller betre som resultat.Det er eit avgrensa tal plassar på emnet og ved rangering tek ein utgangspunkt i karakterane på dei obligatoriske emna. Deretter blir søkjarane rangerte på grunnlag av gjennomsnittskarakterar på alle emna søkjarane har gjennomført i mastergradsstudiet. Ved lik rangering vert det loddtrekking. Masteroppgåve kan ikkje leverast før ein har bestått eksamen i Forskingsmetode og vitskapsteori (MEI303).

Om emnet

MEI304 inngår i Masterstudiet i helse- og sosialfag, Meistring og myndiggjering som skal medverke til utvikling av helse- og sosialfagleg praksis basert på vitskapleg reflektert kunnskap om personar eller grupper med hjelpebehov i helse- og sosialsektoren. Problemstillingane i studiet og dei oppgåvene studentane arbeider med, skal ha ein klar praktisk relevans. Samla vil dette gi auka kompetanse i klinisk arbeid kombinert med FOU-arbeid, undervisning og førebyggande arbeid.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket skal studenten ha følgjande læringsutbytte etter fullført emne: 

Kunnskapar

Målet er at undervisninga og rettleiinga skal hjelpe studentane til å skrive ei masteroppgåve som fyller krava til vitskapleg arbeid. Då må dei på ein grunngitt måte velje eit helsefagleg eller sosialfagleg forskingstema og presisere dette temaet til ei forskbar problemstilling. Denne problemstillinga må drøftast med utgangspunkt i relevant litteratur og setjast inn i ei teoretisk fruktbar ramme. Studentane skal velje eit forskingsopplegg som gir relevante data, innsamla og analysert med vitskaplege metodar. Forskingsetiske omsyn skal også tilleggjast vekt. Masteroppgåva skal vere språkleg ryddig og formelt korrekt når det gjeld referansar og kjeldebruk.

Ferdigheiter

Målet er at undervisninga og rettleiinga skal hjelpe studentane til å skrive ei masteroppgåve som fyller krava til vitskapleg arbeid. Det inneber val av ei forskbar problemstilling, drøfting av problemstillinga i forhold til relevant litteratur, val av teoretisk ramme, datainnsamling og -analyse, og korrekt kjeldebruk. Forskingsetiske omsyn skal også tilleggast vekt.

Generell kompetanse

Målet er at studenten skal få kompentanse til å gjennomføre eit forskingsbasert utviklings- og utgreiingsarbeid på eiga hand.

Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Arbeidet med masteroppgåva går parallelt med emnet Forskingsmetode og vitskapsteori (MEI303) i haustsemesteret. Studentane skal levere eit oppgåvenotat, samt presentere status for oppgåva for medstudentar og rettleiarar på oppgåveseminar undervegs i haustsemesteret. I det påfølgjande vårsemesteret vert det arrangert to samlingar med undervisningstilbod rundt oppgåveskriving og analyse. På desse samlingane vert det også oppgåvepresentasjonar frå studentane, der rettleiiarar og medstudentar deltek.

Oppgåveseminar i samband med masteroppgåva og undervisninga i Forskingsmetode og vitskapsteori er lagt til dei same undervisningssamlingane i haustsemesteret:

  • Samling 1: veke 36 - Notatskriving
  • Samling 2: veke 43 - Presentasjon og tid avsett til rettleiing
  • Samling 3: veke 48 - Tid avsett til rettleiing
  • Samling 4: veke 4 (2020) - Om oppgåveskriving, presentasjon og tid avsett til rettleiing
  • Samling 5: veke 12 (2020) - Om analyse, presentasjon og tid avsett til rettleiing

Til den tredje samlinga skal heiltidsstudentane levere ein prosjektplan for masteroppgåva. Studentar som gjennomfører master på deltid skal levere prosjektplanen innan 1.februar påfølgjande semester. Vidare rettleiing føreset at prosjektplanen er levert og godkjent.

Vilkår for å framstille seg til eksamen

For å levere masteroppgåva til vurdering må studenten ha bestått til eksamen i emnet MEI 303 Forskingsmetode og vitskapsteori. Masteroppgåva må vere bestått for å få gå opp til munnleg justerande eksamen. 

Studenten må ha presentert og gitt førebudde kommentarar til medstudentar, på minst to av samlingar.
 

Sensorordning
Maksimumstal: 
20
Emneansvarleg: 
Finn Ove Båtevik
Bente Hasle
Emnet inngår i følgande studieprogram
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Masteroppgåve
Individuell
2 Semester
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
100
Masteroppgåva blir evaluert av ein kommisjon med to medlemmar og får bokstavkarakter.
Alle.
Omlag 75 sider (+/- 10%), skrifttype Times New Roman, linjeavstand 1,5 og bokstavstorleik 12-punkt. Standard framside, obligatorisk samandrag og eventuelle vedlegg tel ikkje med i talet på sider.
Godkjent av: 
Odd Ragnar Hunnes 25.02.19