Semesters

MGL1-7PE1 Pedagogikk og elevkunnskap 1: Læraren si tilrettelegging for læring og utvikling

Course code: 
MGL1-7PE1
Duration: 
2 semesters
Credits (ECTS): 
15
Level of study: 
Foundation level (bachelor’s degree level)
Teaching semester: 
2017 Autumn
2018 Spring
Assessment semester: 
2018 Spring
Required prerequisite knowledge

 Ingen

Course content

Emneplanen er utarbeidd i samsvar med nasjonale retningslinjer for Pedagogikk og elevkunnskap, grunnskulelærarutdanninga 1-7. Emnet er første del av faget Pedagogikk og elevkunnskap, og tilsvarar 13 stp. pedagogikk og 2 stp. religion, livssyn og etikk.   

Emnet tek føre seg læraren si tilrettelegging for elevane si læring og utvikling på 1.-7. trinn, med særleg vekt på begynnaropplæringa. Det vert teke utgangspunkt i fire område som grunnlag for utvikling av profesjonskompetanse. Desse områda er lærarrolla, læringsteori, didaktikk og læringsleiing. Det er læraren sitt arbeid i møte med eleven, elevgruppa og lærestoffet som er i sentrum. Forskingsbasert kunnskap om læring og undervisning står sentralt.

I og med dette er studentane sitt første møte med faget Pedagogikk og elevkunnskap, legg ein vekt på at dei skal få rettleiing i arbeidet med forståing for dei sentrale innhaldselementa i emnet. To av arbeidskrava har til hensikt å støtte studentane i denne prosessen, gjennom rettleiing og øving i munnlege og skriftlege uttrykksformer. Undervisninga kombinerer førelesing som gir fagleg fokus og arbeidsmåtar som stimulerer aktiv deltaking frå studentane.  

Studentane skal få ei første erfaring med forskingsarbeid knytt til praksis. Dei skal  gjennomføre systematisk observasjon av læraren sitt arbeid, analysere og rapportere denne skriftleg i grupper. Gjennom dette vert dei kjende med observasjon som vitskapleg metode, får kjennskap til kva lærarens arbeid kan dreie seg om, og får ei første innføring i akademisk skriving i faget.  Eksamen i emnet er ein skriftleg skuleeksamen, som etterspør kunnskap om sentrale innhaldselement som er nødvendig for profesjonell yrkesutøving. 

 

Learning outcome

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

 

Learning outcome knowledge

-Studenten har kunnskap om

  • teori om læring og læringsprosessar og utfordringar i læraren sitt arbeid   
  • sentrale didaktiske prinsipp i lærararbeidet  
  • teori om utvikling av læringsmiljø og grunnleggande prinsipp for  
    læringsleiing, herunder kontaktlærarrolla   
  • etisk teori og grunnleggande profesjonsetiske prinsipp og dilemma som regulerer undervisning og læring i skulen  
  • dei grunnleggande ferdigheitene som ressurs for læring  
  • sentrale styringsdokument i skulen  
  • lærarrolla i det fleirreligiøse klasseromet  

 

Learning outcome skills

-Studenten skal kunne  

  • planlegge og leie undervisningsarbeid individuelt og i kollegium i samsvar med faglege og profesjonsetiske prinsipp og gjeldande læreplanverk  
  • engasjere seg i læringsfremjande relasjonar med elevar  
  • diskutere og fagleg begrunne didaktiske og etiske val  
  • planlegge og gjennomføre systematisk observasjon for å utvikle læring 
  • meistre norsk munnleg og skriftleg på ein kvalifisert måte.

 

Learning outcome qualification

-Studenten kan  

  • på eit reflektert og fagleg grunnlag vere i dialog med eleven om læring og utvikling  
  • innta ei lærarrolle som er i samsvar med grunnleggande profesjonsetiske og faglege prinsipp. 
Working and learning activities

-Undervisningsformene vekslar mellom plenumsførelesing, seminar med studentaktivitet, arbeid i grupper og individuelt arbeid.  

  

 

Assessment requirements

Frammøtekrav:

Det er obligatorisk oppmøte til all timeplanfesta aktivitet, jamfør Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda §4-6. 

Arbeidskrav:

Ei skriftleg, gruppebasert oppgåve bygd på systematisk observasjon av læraren sitt arbeid 

Ei individuell, skriftleg kunnskapsprøve knytt til sentrale innhaldselement i emnet 

Ein munnleg presentasjon av eit sentralt tema frå pensumlitteraturen 

Aktiv deltaking i seminar knytt til dei munnlege presentasjonane 

 

Evaluation system

Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 5-11 (http://lovdata.no/forskrift/2014-12-04-1697/%C2%A75-11)

Evaluation

Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem. (http://www.hivolda.no/hivolda/om-hogskulen/kvalitetsarbeid)

Maximum number of students: 
-60
Person in charge: 
Gunhild Nordvik Reite
Used in other programs
  • Primary and Lower Secondary Teacher Education for Years 1-7 - master (5 years)
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Written Exam
Individual
5 Hours
A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade