Semesters

MGL5-10MA2A Matematikk 2A: Matematisk argumentasjon og bevis

Course code: 
MGL5-10MA2A
Duration: 
1 semester
Credits (ECTS): 
15
Level of study: 
Specialization level (bachelor’s degree level)
Teaching semester: 
2021 Autumn
Assessment semester: 
2021 Autumn
Language of instruction: 
Norwegian
Required prerequisite courses
MGL5-10MA1A2 Mathematics 1A: Numbers, statistics and probabilities
MGL5-10MA1B2 Mathematics 1B: Geometry and algebraic thinking
Course content

Emnet er fyrste del av Matematikk 2 for studentar som vel matematikk i grunnskulelærarutdanninga for 5-10. Tema i emnet er mellom anna matematisk argumentasjon og bevis, talteori og funksjonsanalyse/modellering.  

Gjennom emnet får studentane vidareutvikle det faglege grunnlaget sitt for å kunne planleggje, organisere, tilpasse, gjennomføre og evaluere ulike læreprosessar i matematikk for elevar på ungdomssteget ved å fordjupe seg i matematikkfaglege emne.  

Emnet skal gi studentane auka matematisk kompetanse for å kunne undervise i faget på ein god og fagleg kompetent måte, og vere med å utvikle og forme matematikkfaget. Innhaldet er basert på retningslinjene for Matematikk 2 i grunnskulelærarutdanninga for 5-10, og er såleis ei fordjuping i utvalde tema frå Matematikk 1. 

Learning outcome

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Learning outcome knowledge

Studenten

  • har kunnskap om ulike matematiske bevis- og argumentasjonsformer og om matematisk teoribygging, med eit særleg fokus på talteori og algebra 

  • har kunnskap om talteori og kan relatere denne kunnskapen til det matematikkfaglege innhaldet på 5.-10. klasse 

  • har kunnskap om funksjonsanalyse og modellering og kan relatere denne kunnskapen til det matematikkfaglege innhaldet på 5.-10. klasse 

  • har kunnskap om progresjonen i matematikkfaglege emne gjennom grunnskulen og i vidaregåande skule, og om overgangane mellom dei ulike stega 

Learning outcome skills

Studenten

  • kan formidle spesialkunnskap innanfor talteori og funksjonsanalyse/modellering på 5.-10. klasse 

  • kan bruke digitale verkty i eiga undervisning, og i eige studium og fag 

Learning outcome qualification

Studenten

  • kan delta og bidra i FOU-arbeid med tanke på å betre matematikkfaget og matematikkfaget sin undervisningspraksis  

  • kan bruke både matematikkdidaktiske og matematikkfaglege kunnskapar på ein sjølvstendig måte  

Working and learning activities

Studiet legg opp til varierte arbeidsformer, mellom anna førelesingar, utforsking, diskusjon og samtale, problemløysing og sjølvstendig arbeid. Bruk av digitale verktøy i matematikk er ein viktig og naturleg del av emnet.

Det vert kravd aktiv deltaking frå studentane, gjennom engasjement og initiativ, for å fremje eiga og medstudentar si læring.

 

Assessment requirements

Frammøtekrav:

Det er obligatorisk frammøte til dei timeplanfesta aktivitetane. 

Arbeidskrav:

  • Tre innleveringar 

Arbeidskrava vert presiserte og tidfesta i semesterplanen. Studenten har to forsøk på å få godkjent kvart arbeidskrav.  

Maximum number of students: 
40
Person in charge: 
Antje Meier
Used in other programs
  • Primary and Lower Secondary Teacher Education for Years 5-10 - master (5 years)
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Home exam
Individual
7 Hours
A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade
100
Kalkulator, eit handskrive A4-ark med eigne notat og formelsamling som vert delt ut i lag med eksamensoppgåva.
Approval signature: 
Arne Myklebust