Semestre

MGL5-10SA1B Samfunnsfag 1B: Samfunnsutvikling og berekraft

Emnekode: 
MGL5-10SA1B
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Undervisningssemester: 
2025 Vår
Eksamenssemester: 
2025 Vår
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

Ingen.

Om emnet

Emnet tar for seg berekraft og samfunnsutvikling frå ulike perspektiv, frå det lokale til det globale, i fortid, notid og framtid. Undervisningstemaa i emnet blir knytte til omgrepa utvikling og berekraft. I geografi er berekraft og ressursbruk, klimalære, demografi og urbanisering sentrale tema. I historie samfunnsutvikling med vekt på 1800-talet sentralt, og i samfunnskunnskap vil tema kring berekraft, forbruk og internasjonal klimapolitikk bli vektlagde.   

Metodisk tema i emnet er særskilt arbeid med digitale kjelder. I fagdidaktikken elles vil berekraftdidaktikk, kritisk omgrepsbruk og utvikling av undervisningsressursar ved bruk av digitale verktøy vere sentralt.  

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten skal ha kunnskap om

  • sentrale didaktiske tema knytte til berekraftig utvikling  
  • samfunnsutvikling med vekt på 1800-talet 
  • ressursar, klima og demografi 
  • internasjonal klimapolitikk   
  • didaktisk bruk av utvalde digitale uttrykksformer i samfunnsfag
  • vurderingspraksis i samfunnsfag
  • undervisning om verdiar i samfunnsfag
Ferdigheiter

Studenten skal kunne

  • bruke ulike perspektiv på berekraftig utvikling frå det globale til det lokale, i fortid, notid og framtid   
  • bruke ei analytisk tilnærming til korleis geografiske, historiske og notidige forhold set vilkår for korleis menneske dekker behov, og fordeler ressursar   
  • arbeide med verdiar og haldningar i samfunnsfag relatert til samfunnsutvikling og berekraft.   
  • utvikle undervisningsresursar ved hjelp av digitale verktøy og kjelder, og vurdere den didaktiske relevansen 
  • bruke årsak-verknad og brot-kontinuitet som analytiske verktøy i arbeidet med historiske tema   
Generell kompetanse

Studenten skal kunne

  • reflektere sjølvstendig og kritisk over samfunnsfaglege spørsmål og eigen praksis i eit berekraftperspektiv 

Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Læringsutbytte blir varetatt gjennom studentaktive undervisnings- og vurderingsformer, som legg vekt på fagleg refleksjon. 

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Frammøtekrav:

Arbeidskrav:

Tre digitale arbeidskrav. Rammene blir klare ved semesterstart

Sensorordning
Maksimumstal: 
45
Emneansvarleg: 
Nils Magne Magerøy
Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Grunnskulelærarutdanning, trinn 5-10 - master (5 år)
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Mappeeksamen
Individuell
1 Semester
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Eitt arbeidskrav blir trekt ut og levert i ei eksamensmappe saman med ein mappetekst  på 800 - 1000 ord 
Godkjent av: 
Randi Bergem 27.02.2023