Semestre
MGL5-10SA1B Samfunnsfag 1B: Samfunnsutvikling og berekraft
Ingen.
Dette emnet tar for seg berekraft og samfunnsutvikling frå ulike perspektiv, frå det lokale til det globale, i fortid, notid og framtid. Undervisningstema i emnet vert knytt til omgrepa utvikling og berekraft. I geografi er berekraft og ressursbruk, klimalære, demografi og urbanisering sentrale tema. I historie er historisk kunnskap om demografi, folketalsutvikling og samfunnsutvikling med vekt på 1800-talet sentralt, og i samfunnskunnskap vil tema kring berekraft, forbruk og internasjonal klimapolitikk bli vektlagde.
Metodisk tema i emnet er særskilt arbeid med digitale kjelder. I fagdidaktikken vil berekraftdidaktikk, kritisk omgrepsbruk og utvikling av undervisningsressursar ved bruk av digitale verktøy vere sentralt.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten skal ha kunnskap om
- sentrale didaktiske tema knytte til berekraftig utvikling
- samfunnsutvikling med vekt på 1800-talet
- ressursar, klima, demografi og folketalsutvikling i fortid og notid
- internasjonal klimapolitikk
- didaktisk bruk av utvalde digitale uttrykksformer i samfunnsfag
- vurderingspraksis i samfunnsfag
Studenten skal kunne
- bruke ulike perspektiv på berekraftig utvikling frå det globale til det lokale, i fortid, notid og framtid
- bruke ei analytisk tilnærming til korleis geografiske, historiske og notidige forhold set vilkår for korleis menneske dekker behov, og fordeler ressursar
- arbeide med verdiar og haldningar i samfunnsfag relatert til samfunnsutvikling og berekraft.
- utvikle undervisningsresursar ved hjelp av digitale verktøy og kjelder, og vurdere den didaktiske relevansen
- bruke årsak-verknad og brot-kontinuitet som analytiske verktøy i arbeidet med historiske tema
Studenten skal kunne
reflektere sjølvstendig og kritisk over samfunnsfaglege spørsmål og eigen praksis i eit berekraftperspektiv
Læringsutbytte blir ivaretatt gjennom studentaktive undervisnings- og vurderingsformer, som legg vekt på fagleg refleksjon.
Frammøtekrav:
- obligatorisk oppmøte til alle timeplanfesta aktivitetar, jamfør Forskrift om studium og eksamen ved Høgskulen i Volda §7-3.
Arbeidskrav:
Det er tre arbeidskrav i emnet, alle er individuelle, og alle må vere levert til rettleiing og godkjent for å kunne gå opp til eksamen.
- lage eit digitalt forteljekart. Rammene for arbeidskravet blir klare ved semesterstart
- lage ei digital forteljing Rammene for arbeidskravet blir klare ved semesterstart
- lage ein undervisningsvideo. Rammene for arbeidskravet blir klare ved semesterstart
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 5-11.
- Grunnskulelærarutdanning, trinn 5-10 - master (5 år)
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Mappeeksamen | Individuell | 1 Semester | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | Studenten vel to av tre ferdig utarbeidde arbeidskrav og lever desse i eksamenesmappa saman med ein presentasjonstekst på 800- 1000 ord |