Semestre

MGL5-10SA1B Samfunnsfag 1B: Samfunnsutvikling og berekraft

Emnekode: 
MGL5-10SA1B
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Undervisningssemester: 
2021 Vår
Eksamenssemester: 
2021 Vår
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

Ingen

Om emnet

Dette emnet tek for seg berekraft og samfunnsutvikling frå ulike perspektiv, frå det lokale til det globale, i fortid, notid og framtid. Emnet gir oversikt over ulike geografiske, historiske og notidige forhold som legg føringar for korleis menneske dekker behov dei har, og fordeler makt og ressursar. Metodiske tema i emnet er særskilt arbeid med statistikk og arbeid med digitale kjelder. I fagdidaktikken vil kritisk omgrepsbruk og bruk av digitale verktøy vere sentralt.

Undervisningstema i emnet er relatert til omgrepa utvikling og berekraft. I geografi er berekraft og ressursbruk, klimalære, demografi og urbanisering sentrale tema. I historie vil du få kunnskap om demografi og folketalsutvikling og sosial, politisk og økonomisk utvikling frå mellomalderen og fram til ca. 1870. I samfunnskunnskap vil tema kring berekraft, forbruk og internasjonal klimapolitikk bli vektlagde. 

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket skal studenten ha følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten skal ha

  • kunnskap om korleis geografiske, historiske og notidige forhold set vilkår for korleis menneske dekker behov dei har, og fordeler makt og ressursar 

  • kunnskap om ulike perspektiv på berekraftig utvikling frå det globale til det lokale, i fortid, notid og framtid 

  • kunnskap om og oversikt over sentrale didaktiske tema knytte til berekraftig utvikling 

  • kunnskap om ressursar, klima, demografi og folketalsutvikling i fortid og notid 

  • kunnskap om internasjonal klimapolitikk 

  • kunnskap om didaktisk bruk av utvalde digitale uttrykksformer i samfunnsfag. 

 

 

Ferdigheiter

Studenten skal kunne

  • arbeide med verdiar og haldningar i samfunnsfag relatert til samfunnsutvikling og berekraft. 

  • vurdere bakgrunnen for, konsekvensar av og handlingsalternativ for berekraftig utvikling på individ-, nasjonalt- og globalt nivå 

  • bruke og vurdere den didaktiske relevansen av læringsfilm og digitale forteljingar som undervisningsmetodar i samfunnsfag 

  • arbeide med statistikk og digitale kjelder 

  • bruke årsak-verknad og brot-kontinuitet som analytiske verktøy i arbeidet med historiske tema 

Generell kompetanse

Studenten skal kunne

  • reflektere sjølvstendig og kritisk over samfunnsfaglege spørsmål i eit berekraftperspektiv. 

  • oppdatere seg fagleg og reflektere over eigen praksis 

Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Aktuelle arbeidsformer er litteraturstudium, klasseromsundervisning, gruppearbeid, rettleiing, praksis og skriftleg arbeid. Denne variasjonen er viktig for å nå læringsutbytta i emnet. Bruk av digitale verktøy er ein viktig del av emnet, og studentane får erfaringar med bruk av digital forteljing  og produksjon av undervisningsfilm i læringsarbeidet. 

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Frammøtekrav:

  • obligatorisk oppmøte til alle timeplanfesta aktivitetar, jamfør Forskrift om studium og eksamen ved Høgskulen i Volda §7-3.

Arbeidskrav:

Det er tre arbeidskrav i emnet, alle er individuelle, og alle må vere godkjende før ein kan gå opp til eksamen:

  • lage eit digitalt forteljekart. Rammene for arbeidskravet blir klare ved semesterstart
  • lage ei digital forteljing. Rammene for arbeidskravet blir klare ved semesterstart
  • lage ein undervisningsvideo. Rammene for arbeidskravet blir klare ved semesterstart

 

Sensorordning
Minimumstal: 
10
Maksimumstal: 
35
Emneansvarleg: 
Kjersti Straume
Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Grunnskulelærarutdanning, trinn 5-10 - master (5 år)
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Munnleg eksamen
Individuell
30 minutt
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Det vil bli gitt førebuingstid
Godkjent av: 
Randi Bergem 05.10.2020