Semesters
MGL5-10SA2B Samfunnsfag 2B - Utforsking av globale perspektiv i samfunnsfaget
Utforskaren er sentral i dette emnet. Problemstillingar som gjeld globale forhold og danning av ny kunnskap er særleg viktig. Sentrale tema vil vere levekår og fattigdom, berekraftig utvikling, forholdet mellom menneske, stad og ressursar, konflikt og samarbeid, før og no. Emnet utforskar også urfolksproblematikk både i norsk og internasjonal samanheng, og elles korleis kjønn, seksualitet og kjærleik blir forstått på forskjellige måtar i forskjellige sosiale og kulturelle kontekstar.
Emnet set utdanning i eit globalt perspektiv og kvalifiserer studentane til å bidra til vidareutvikling av samfunnsfaget og skulen som institusjon for læring og danning i eit globalt og mangfaldig samfunn.
Studentane skal vidareutvikle didaktiske ferdigheiter frå tidlegare emne. Kritisk medvit og gode tilnærmingar for å undervise om verda utanfor Noreg vert særleg tematisert. Emnet gir også innsikt i ekskursjonsdidaktikk og digital didaktikk.
Gjennom deltaking på ekskursjon, møter studentane ekskursjonsdidaktiske utfordringar, og studentane får innsikt i bruk av digitale verktøy i ekskursjonsdidaktikk (sjå «Vilkår for å framstille seg til eksamen»). Ekskursjonen utforskar klippfisk som eit inntak til kunnskap om samspelet mellom natur og menneske, kultur, økonomi og natur, i fortid og notid.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten skal utvikle kunnskap om:
Lokal, regional og internasjonal handelshistorie
Ressursforvaltning og berekraftig utvikling
Internasjonale politiske tilhøve og maktforhold i eit fordelingsperspektiv
Diskriminering og det demokratiske perspektivet- rasisme, urfolk og funksjonshemma
Sosial og kulturell påverknad på forståing av kjønn, seksualitet og kjærleik
Samfunnsfag og identitetsdanning
Konflikt og samarbeid i eit samfunnsfagleg perspektiv
Undervisning om samfunnsforhold i eit fleirkulturelt og globalt perspektiv
Kjeldeutval og metode som grunnlag for kunnskapsdanning
Historie- og samfunnsfagdidaktikk i ikkje-digital og digital undervisning
Planleggings- og vurderingspraksis i lys av didaktiske val
Ekskursjonsdidaktikk
Samfunnsfagteori
Etikk
Studenten skal øve på å utvikle:
Omgrepsforståing og fagterminologi
Observasjonskompetanse
Vurdering av didaktisk relevans
Analyse av årsak-og verknadsforhold knytt til samfunnsfaglege fenomen
Identifisere perspektiv brukt i ein fagtekst
Drøfte kritisk implikasjonane ved perspektiv-val
Legge til rette for at elevane skaffar seg overblikk over periodar og utviklingsmønster, og for refleksjon over korleis historie og kultur blir konstruert
Kjeldevurdering av primærkjelder, sekundærkjelder, mediemangfald og digitale plattformer
Drøfte didaktiske implikasjonar ved bruk av tjukke/tynne framstillingar i samfunnsfagundervisning
Utvikle og drøfte digitale læringsrom
Planlegge og vurdere eiga og elevar si kunnskapsutvikling
Utforme undervisning universelt
God akademisk tekstframstilling, formell tekstkompetanse
Fagleg autonomi
Studenten får høve til å øve opp generell kompetanse i:
God kommunikasjon - skriftleg og munnleg
Kritisk undervisnings- og praksisrefleksjon
Sjølvstende i kunnskapsutvikling
Samarbeidsevne
Vurdering av organisasjons- og skulekultur
Rolleforståing
Etisk refleksjon
Aktuelle arbeidsformer er litteraturstudium, klasseundervisning, gruppearbeid, rettleiing, praksis, skriftlege arbeid og ekskursjon. Det vert gjennomført ein ekskursjon på Sunnmøre. Det er forventa at studentane brukar læringsplattforma Canvas og andre anbefalte nettressursar for kommunikasjon, løysing og innlevering av oppgåver, og for å tileigne seg kunnskap innanfor emnet.
Emnet har to obligatoriske arbeidskrav. Kandidatar må få godkjent begge for å framstille seg til eksamen.
1) Levere ei rekkje med arbeidsoppgåver, gruppeoppgåver og presentasjonar gjennom dei to semestra.
2) Lage ei digital framstilling med ekskursjonsdidaktisk tema.
Det vil gå fram av semesterplanen i Canvas kva delar av undervisninga som er obligatorisk.
- Primary and Lower Secondary Teacher Education for Years 5-10 - master (5 years)
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Oral examination | Individual | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | Munnleg eksamen i form av ei presentasjon på 15 minutter og ein samtale om dei vala studenten har gjort i presentasjonen. |