Semestre

MID211 Nye medium

Emnekode: 
MID211
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Undervisningssemester: 
2015 Haust
Eksamenssemester: 
2015 Haust
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

MID131, MID111/MID111MEK og MID112/MID115 eller minimum 60 stp frå andre medieutdanningar.

Om emnet

Emnet tek for seg korleis mediekonvergens og ny teknologi skaper moglegheiter for nye produkt og tenester, og går spesielt inn på mobile medier og lokasjonsteknologi. Gjennom arbeidet med emnet skal studentane få oversikt over ulike teoretiske, metodiske og analytiske innfallsvinklar til digitale medium. Emnet inngår som felles fordjupingsemne i bachelorprogrammet Media, IKT og design.

Læringsutbytte

-

Kunnskapar

Kandidaten skal kjenne til både humanistiske og samfunnsvitskaplege innfallsvinklar til studiet av nye medium.

Ferdigheiter

Kandidaten kan drøfte faglege bidrag på feltet, og analysere nye medieuttrykk frå ulike teoretiske perspektiv.

Generell kompetanse

-

Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Vi legg opp til problembaserte og studentaktive arbeidsformer, individuelt og i grupper. Studenten publiserer sine oppgåvesvar i ei digital arbeidsmappe.

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Studenten skal levere svar på to arbeidsoppgåver. Kvart av oppgåvesvara skal vere godkjende av faglærar for at studenten får gå opp til avsluttande eksamen. Studenten har to forsøk på å få godkjent kvart oppgåvesvar. Innleveringstidspunkt vil gå fram av semesterplanen. Omfangskravet vil variere mellom 1500 og 2000 ord, i tillegg til eventuelt lyd/bilete/video-materiale som oppgåveformuleringa krev.

Evaluering og kvalitetssikring

Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.

Minimumstal: 
20
Maksimumstal: 
60
Emnet inngår i følgande studieprogram
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Heimeeksamen
Individuell
4 Dagar
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Eksamen blir levert gjennom Fronter.