Semestre
MID211 Nye medium
Leganto.
Eller 60 stp tilsvarande frå anna medieutdanning.
Emnet fokuserer på kommunikasjonspraksisar innan nye medier og ny teknologi. Kva for nye digitale kommunikasjonspraksisar skaper for eksempel mediekonvergens, sosiale medier, mobile medier og ny teknologi? Korleis kan vi forstå og analysere desse praksisane? Og, korleis kan desse digitale praksisane skape moglegheiter for nye produkt og tenester? Dette er nokre av problemstillingane emnet handlar om.
Emnet inngår som fordjupingsemne i bachelorprogrammet Medieproduksjon.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket skal studenten ha følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
- Kandidaten skal kjenne til både humanistiske og samfunnsvitskaplege innfallsvinklar til studiet av nye medium.
- Kandidaten skal kunne vere i stand til å identifisere andre vitskapelige tekstar sine analytiske tilnærmingar og metodar.
- Kandidaten kan drøfte faglege bidrag på feltet, og analysere nye medieuttrykk frå ulike teoretiske perspektiv.
- Kandidaten skal kunne finne, vurdere og identifisere relevante kjelder relatert til forskingsområdet nye medier.
Gjennom arbeidet med emnet skal studentane få oversikt over ulike teoretiske, metodiske og analytiske innfallsvinklar til digitale medium. Dette vil gi studenten ein kritisk forståing av den historiske bakgrunnen, den seinaste utviklinga og ulike trendar innen nye medier. Desse kunnskapane og ferdigheitane vil gjere studentane i stand til å finne og anvende oppdatert informasjon knytt til ulike aspekt av nye medier og teknologi.
Emnet legg opp til ein kombinasjon av forelesningar, rettleiing, problembaserte og studentaktive arbeidsformer, individuelt og i grupper.
Det er 2 teoretiske arbeidskrav i emnet (skriftlige oppgaver, 1500 - 2000 ord). Innleveringstidspunkt vil gå fram av semesterplanen. Kvart av arbeidskrava skal vere godkjende av faglærar for at studenten får gå opp til avsluttande eksamen.
Studenten skal i tillegg levere evaluering av emnet. Denne evalueringa skjer anonymt.
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 5-11.
- Bachelor i medieproduksjon
- Journalistikk - bachelor
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Heimeeksamen | Individuell | 1 veke | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | 100 | Eksamen blir levert gjennom Inspera. | 3500 ord (+/- 10%). |