Semestre

MID211 Nye medium

Emnekode: 
MID211
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (fordjupingsnivå)
Undervisningssemester: 
2018 Haust
Eksamenssemester: 
2018 Haust
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

MID131, MID111/MID111MEK og MID112/MID115 eller minimum 60 stp frå andre medieutdanningar.

Om emnet

Emnet fokuserer på kommunikasjonspraksisar innan nye medier og ny teknologi. Kva for nye digitale kommunikasjonspraksisar skaper for eksempel mediekonvergens, sosiale medier, mobile medier og ny teknologi? Korleis kan vi forstå og analysere desse praksisane? Og, korleis kan desse digitale praksisane skape moglegheiter for nye produkt og tenester? Dette er nokre av problemstillingane emnet handlar om. Emnet fokuserer spesielt på mobile medier og nye, situasjonelle mediepraksisar.

Emnet inngår som felles fordjupingsemne i bachelorprogramma Medieproduksjon og Mediedesign.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

-Kandidaten skal kjenne til både humanistiske og samfunnsvitskaplege innfallsvinklar til studiet av nye medium.

-Kandidaten skal kunne vere i stand til å identifisere andre vitskapelige tekstar sine analytiske tilnærmingar og metodar.

Ferdigheiter

-Kandidaten kan drøfte faglege bidrag på feltet, og analysere nye medieuttrykk frå ulike teoretiske perspektiv.

-Kandidaten skal kunne finne, vurdere og identifisere relevante kjelder relatert til forskingsområdet nye medier. 

Generell kompetanse

Gjennom arbeidet med emnet skal studentane få oversikt over ulike teoretiske, metodiske og analytiske innfallsvinklar til digitale medium. Dette vil gi studenten ein kritisk forståing av den historiske bakgrunnen, den seinaste utviklinga og ulike trendar innen nye medier. Desse kunnskapane og ferdigheitane vil gjere studentane i stand til å finne og anvende oppdatert informasjon knytt til ulike aspekt av nye medier og teknologi.

Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Emnet legg opp til ein kombinasjon av forelesningar, rettleiing, problembaserte og studentaktive arbeidsformer, individuelt og i grupper. 

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Kvart av arbeidskravaskal vere godkjende av faglærar for at studenten får gå opp til avsluttande eksamen. Innleveringstidspunkt vil gå fram av semesterplanen. Omfangskravet vil variere mellom 1500 og 2000 ord.

Sensorordning
Minimumstal: 
20
Maksimumstal: 
60
Emneansvarleg: 
Kjetil Vaage Øie
Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Bachelor i Media, IKT og design
  • Journalistikk, spesialisering avis/nett
  • Journalistikk, spesialisering tv/radio
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Heimeeksamen
Individuell
4 Dagar
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Eksamen blir levert skrftlig gjennom Inspera
Godkjent av: 
Audhild Gregoriusdotter Rotevatn