Semestre

MID211 Nye medium

Emnekode: 
MID211
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (fordjupingsnivå)
Undervisningssemester: 
2020 Haust
Eksamenssemester: 
2020 Haust
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

MID111, MID112 og MID131
eller JOU100, JOU101, SAJ101, JOU102 og MEV121
eller 60 stp tilsvarande frå anna medieutdanning.

Om emnet

Emnet er ei fordjuping i kommunikasjonspraksisar innan nye medium. Studentane vil få ei innføring i teoriar frå persepsjon og metodar frå multimedieproduksjon og interaksjonsdesign. Emnet dekker dei nødvendige tekniske og analytiske ferdigheiter for å forstå nye medium i eit mangfald av kontekstar.

Studentane skal utvikle ei analytisk, forskingsorientert forståing av interaksjonsdesign, nye teknologiar, og korleis desse kan danne engasjerande brukaropplevingar. Studentane vil kunne utvikle sine eigne forskingsprosjekt innan nye medium. 

Emnet inngår som felles fordjupingsemne i bachelorprogramma i medieproduksjon og mediedesign.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket skal studenten ha følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten skal ha

  •  Kunnskap om teoretiske aspekt av nye medium 
  • Kunnskap om persepsjonsteori relevant til å forstå brukarane sine opplevingar med nye teknologiar
Ferdigheiter

Studenten skal ha

  • Forståing av relevant persepsjon, multimedia, film og interaksjonsdesignteori, og evne til å bruke den i kritisk refleksjon
  •  Analytiske verktøy for forsking i nye medium med kvalitative metodar

 

 

Generell kompetanse

Studenten skal kunne

  • jobbe i små grupper
  • forstå historiske og teoretiske perspektiv rundt nye medium, og bruke denne kunnskapen til kritiske analysar og eksperimentelle forskingsforsøk
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Emnet består av forelesingar, arbeidsverkstader og praktiske øvingar. 

Vilkår for å framstille seg til eksamen

For å kunne gå opp til eksamen må studentane fullføre tre arbeidskrav:

1) Akademisk essay (1000 ord)

2) Teknisk øving 

3) Prosjektbeskriving

Eksamen er eit essay på 3500 ord basert på eige forskingsprosjekt innan nye medium.

Sensorordning
Minimumstal: 
20
Maksimumstal: 
60
Emneansvarleg: 
Ana Luisa Sanchez Laws
Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Bachelor i mediedesign
  • Bachelor i medieproduksjon
  • Journalistikk, spesialisering avis/nett
  • Journalistikk, spesialisering tv/radio
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Mappeeksamen
Individuell
1 veke
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Eksamen blir levert gjennom Inspera
Godkjent av: 
Odd Ragnar Hunnes 26.02.20