Semesters

PPY122 Yrkesdidaktikk 2

Course code: 
PPY122
Duration: 
2 semesters
Credits (ECTS): 
15
Level of study: 
Foundation level (bachelor’s degree level)
Teaching semester: 
2021 Autumn
2022 Spring
Assessment semester: 
2022 Spring
Language of instruction: 
Norwegian
Required prerequisite courses
PPY121 Vocational didactic 1
Course content

Emnet PPY122 inngår som dei siste 15 studiepoenga av yrkesdidaktikken i PPU – Y. Yrkesdidaktikk handlar om læringsarbeid knytt til det å lære eit yrke, og emnet skal vere med å vidareutvikle studenten sin yrkesdidaktiske kompetanse. Fokus i PPY122 er knytt til emnegruppe 2: Skulen i samfunnet - leiing og utviklingsarbeid i eit organisasjons- og samfunnsperspektiv. Dette er med bakgrunn i forskrift om rammeplan for praktisk-pedagogisk utdanning for yrkesfag trinn 8–13 (2013) og nasjonale retningslinjer for praktisk-pedagogisk utdanning for yrkesfag trinn 8-13 (2018).  

Emnet vert gjennomført i tett samarbeid mellom PPY112 og Praksis 2 for å bidra til at studenten gjennom varierte erfaringar og refleksjonar utviklar ein trygg og tydeleg yrkesfaglæraridentitet. 

 

Learning outcome

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:  

 

Learning outcome knowledge

Kandidaten skal etter fullført emne:  

  • ha kunnskap om yrkesfag og yrkesfagleg breidde i eige programområde 

  • ha kunnskap om entreprenørskap, nytenkning, kreativitet og innovasjon 

  • ha kunnskap om digitale verktøy i yrkesopplæringa og den teknologiske utviklinga i eigen bransje  

  • kjenne til samfunnet og arbeidslivet sitt kompetansebehov innanfor aktuelle yrke 

  • kunne sjå faget, yrkesopplæringa og yrkesutøvinga i eit historisk og kulturelt perspektiv 

  • kjenne til nasjonalt og internasjonalt forskings- og utviklingsarbeid md relevans for lærarprofesjonane innanfor det yrkespedagogiske og det yrkesfaglege området  

Learning outcome skills

Kandidaten skal etter fullført emne kunne:  

  • bruke sine yrkesfaglege, yrkesdidaktiske og teknologiske ferdigheiter i tråd med samfunnet og arbeidslivets utviklings- og endringsbehov 

  • ta reflekterte val i forhold til lærings- og arbeidsmetodar og ulike læringsarenaer 

  • vurdere og nytte digitale læringsverktøy i læringsarbeidet  

  • reflektere kritisk over bruk av digitale informasjonskjelder i opplæringa 

  • legge til rette for entreprenørielle læreprosessar som opnar for nytenking, kreativitet og innovasjon  

  • involvere lokalt arbeids-, samfunns- og kulturliv i opplæringa  

  • kunne bruke og vise til relevante forskingsresultat for å treffe grunngjevne val og gjennomføre systematisk yrkesfagleg utviklingsarbeid  

Learning outcome qualification

 Kandidaten:

  • bygge gode relasjonar til elevar/lærlingar og skape trygge og inkluderande læringsmiljø 

  • motivere for læring gjennom fagleg innsikt og engasjement

  • formidle og fremje yrkesstoltheit og yrkesidentitet  

  • identifisere eige behov for kompetansheving, og ha endrings- og utviklingskompetanse som grunnlag for å møte framtida sitt kompetansebehov i skule, arbeids- og samfunnsliv 

  • vere medviten sitt ansvar for å samarbeide og bygge gode relasjonar med føresette, kollegaer og andre aktuelle samarbeidspartnarar  

  • kunne formidle sentralt fagstoff på norsk både skriftlig, munnleg og gjennom andre dokumentasjonsformer 

Working and learning activities

Ved Høgskulen i Volda er PPU-Y eit digitalt- og samlingsbasert deltidsstudie over fire semester. Kvart semester har fire digitale samlingar på to timar, i tillegg til tre-fire samlingar på to dagar, enten i Volda, Ålesund eller Molde. Arbeidsformene i studiet blir ein kombinasjon av førelesingar og dialog i plenum, gruppearbeid, presentasjon av studentarbeid, seminar og sjølvstudium. Gjennom studiet vert det lagt vekt på at kompetanse er eit resultat av både teoretisk studie og refleksjon over eigen praksis. Læringsutbyttet vert derfor eit resultat av studenten sin eigeninnsats gjennom studie av litteratur, deltaking i undervising og praksis, diskusjon og refleksjon i gruppe eller i plenum over relevante problemstillingar.      

Studenten må ha tilgjenge på eigna utstyr med internett, kamera, høgtalar/headset og mikrofon.   

Studentane vil bli organisert i faste læringsgrupper som nyttast gjennom året. Samansetninga av gruppene blir bestemt av dei emneansvarlege på PPY112 og PPY122.  

Assessment requirements

Frammøte   

Det er obligatorisk frammøte til all undervisning og arbeid i grupper og seminar på studiet dersom ikkje anna er opplyst. Det visast elles til Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, §4-6, om frammøte/deltaking i undervisninga.   

Arbeidskrav    

  1. Arbeidskrav knytt til omvendt undervisning. 

  1. Skisse til tverrfagleg utviklingsprosjekt (felles med PPY112). Omfang: 1500 ord (+/- 10 prosent).

  2. Munnleg presentasjon knytt til tverrfagleg utviklingsprosjekt (felles med PPY112). Omfang: 15 minutt.

  3. Arbeidskrav knytt til samarbeid skule og arbeidsliv.   

Arbeidskrav 1 og 4 kan ha ulike former: munnleg framlegg i læringsgruppa (10-15 minutt), nettbasert arbeid i læringsgruppa, kort videopresentasjon, refleksjonsnotat (400-500 ord) eller omvendt undervisning. Det vil variere kva arbeidskravform som blir knytt til kva tema. Emneansvarleg skal organisere dette. Studentane skal ta del i å gi tilbakemelding til kvarandre i arbeidskrav 2, 3 og 4. Hensikta med arbeidskrava er å dokumentere forståing av dei yrkesdidaktiske tema, og å få praktisk trening i skriftleg og munnleg framstilling, kollegial rettleiing, digitale ferdigheiter og undervisningsplanlegging. Dette er alle sentrale ferdigheiter i profesjonsutøvinga.  

Arbeidskrava vert vurdert med godkjent/ikkje godkjent.  

For å framstille seg til eksamen må følgjande vere oppfylt:  

  • Minimum 80% frammøte  

  • Alle arbeidskrav godkjende  

  • PPUY-PRA 2 Praksis 2 godkjend  

 

Evaluation system
Maximum number of students: 
50
Person in charge: 
Terese Aarsund Myklebust
Used in other programs
  • Vocational Teacher Qualification (part time)
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Oppgave
Individual
1 Semesters
A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade
Tverrfagleg utviklingsprosjekt, samarbeid med PPUD112.
Oppgåva har eit omfang tilsvarande inntil 5000 ord
Adjusting oral examination
Individual
30 Minutes
A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade
100
Approval signature: 
Arne Myklebust