Semestre

SABVP125 Utfordringar i yrkesfeltet - barnevernspedagog

Emnekode: 
SABVP125
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
30
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Undervisningssemester: 
2018 Vår
Eksamenssemester: 
2018 Vår
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

SABVP112. Godkjende arbeidskrav i SABVP121 og SABVP122.

Om emnet

Emnet har som mål å gi studentane kunnskap og elles skape ei nærare forståing av kompleksiteten i barnevernsfeltet og ulike tilnærmingsmåtar til arbeidet. Det er eit mål å gi studentane innsikt i korleis organisatoriske, rettslege og barnevernsfaglege faktorar kan påverke barn og unge sin oppvekst og foreldre sin omsorgskapasitet. Brukarorientering, etisk refleksjon og kunnskapsbasert analytisk tilnærming står sentralt i emnet.

Innhald:

  • Barnevernsfaglege emne: Barnevernsarbeid, miljøarbeid i og utanfor institusjon, aktivitetsfag
  • Juridiske emne: Barne- og familierett, sosial- og velferdsrett, barnevernsrett, samtykke og tvang m.a. tvang i barnevernet og overfor rusmiddelavhengige
  • Sosialt arbeid med familiar
  • Omsorgssvikt, overgrepsproblematikk, kriser
  • Rusbehandling, re-/habilitering og psykisk helsevern
  • Kommunikasjonstrening/samtaleøvingar
  • Yrkesutfordringar, fagleg skjønn, etisk refleksjon og etiske dilemma
  • Organisasjon og yrkeskunnskap
Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fulført emne: 

Kunnskapar

Studenten skal ha tilegna seg kunnskap om:

  • familierett, barnevernsrett, generell sosial- og velferdsrett, samtykke og tvang
  • saksgang og sakshandsaming i barnevernet
  • kommunikasjon med familiar i vanskelege livssituasjonar med særleg vekt på samtaler med barn
  • årsaker til og konsekvensar av omsorgssvikt og hjelpeapparatet sine tiltak
  • miljøarbeid i og utanfor institusjon
  • fritidsaktivitetar si betyding for barn og unge
  • re-/habilitering av menneske med rusvanskar, fysiske og psykiske vanskar
  • tverrprofesjonelt samarbeid
Ferdigheiter

Studenten skal:

  • kunne føre gode samtaler med brukarar, reflektere over eigen framgangsmåte
  • kunne fremme barns rettar og sørge for utviklingsfremmande tiltak for barn/unge med særskilde behov både i og utanfor institusjon
  • kunne planlegge, gjennomføre og evaluere fritidsaktivitet med barn og unge
  • kunne samarbeide med ulike aktørar, klient/pårørande og fagpersonar på tvers av ansvarsområde og etatar
Generell kompetanse

Studenten skal:

  • møte brukarar av hjelpeapparatet med respekt og empati
  • vise toleranse, interesse og respekt for menneske uansett sosial, kulturell og livssynsbasert tilhøyrsle
  • utøve profesjonelt skjønn gjennom å nytte fagleg kompetanse i møte med teoretiske og praktiske problemstillingar
  • bidra til tverrprofesjonelle tiltak til dei som treng hjelp frå barnevern, helse- og sosialsektoren
  • kunne analysere og kritisk reflektere over profesjonelle og etiske utfordringar knytt til arbeid som barnevernspedagog
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Førelesingar, seminar, praksisretta gruppeaktivitet og samtaleøving. Delar av undervisninga er organisert felles for barnevernspedagog- og sosionomstudiet.

Deltaking vert rekna for heile emnet med unntak av ferdigheittrening som t.d. valfrie aktivitetsfag og samtaleøvingar, der deltakinga vert rekna for seg. Nærare retningslinjer vil gå fram av semesterplanen.

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Arbeidskrav

  1. Individuelt skriftleg arbeid knytt til SOM–seminaret (saman om omsorg for barn)
  2. Individuelt skriftleg arbeid knytt til fagtema
  3. Individuell skriftleg oppgåve knytt til samtaleøvingane 
  4. Munnleg presentasjon på seminar frå feltstudie/studietur
  5. Skriftleg arbeidskrav ved slutten av emnet (pensumprøve eller liknande). Kravet fell bort dersom studenten kan dokumentere minimum 80% frammøte til undervisningsaktivitetar

Arbeidskrava må vere innleverte og godkjende til fastsett tid, slik det går fram av semesterplanen.

Obligatorisk deltaking:

  1. Ferdigheittrening; aktivitetsfag
  2. Ferdigheittrening; samtaleøvingar
Sensorordning

Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, kap. 5.

Evaluering og kvalitetssikring

Det er etablert fagutval som er samansett av lærarar og tillitsvalde på utdanninga. Emnet har eit eige evalueringsseminar på klassenivå.

Maksimumstal: 
50
Emneansvarleg: 
Ellen Synnøve Aarseth
Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Sosialt arbeid, barnevernspedagog - bachelor
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Skriftleg eksamen
Individuell
6 timar
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Noregs lover eller særtrykk av lovverket
Godkjent av: 
Vurdere variasjon i eksamensformene