Semesters
SABVP125 Utfordringar i yrkesfeltet - barnevernspedagog
SABVP112. Godkjende arbeidskrav i SABVP121 og SABVP122.
Emnet har som mål å gi studentane kunnskap og elles skape ei nærare forståing av kompleksiteten i barnevernsfeltet og ulike tilnærmingsmåtar til arbeidet. Det er eit mål å gi studentane innsikt i korleis organisatoriske, rettslege og barnevernsfaglege faktorar kan påverke barn og unge sin oppvekst og foreldre sin omsorgskapasitet. Brukarorientering, etisk refleksjon og kunnskapsbasert analytisk tilnærming står sentralt i emnet.
Innhald:
- Barnevernsfaglege emne: Barnevernsarbeid, miljøarbeid i og utanfor institusjon, aktivitetsfag
- Juridiske emne: Barne- og familierett, sosial- og velferdsrett, barnevernsrett, samtykke og tvang m.a. tvang i barnevernet og overfor rusmiddelavhengige
- Sosialt arbeid med familiar
- Omsorgssvikt, overgrepsproblematikk, kriser
- Rusbehandling, re-/habilitering og psykisk helsevern
- Kommunikasjonstrening/samtaleøvingar
- Yrkesutfordringar, fagleg skjønn, etisk refleksjon og etiske dilemma
- Organisasjon og yrkeskunnskap
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fulført emne:
Studenten skal ha tilegna seg kunnskap om:
- familierett, barnevernsrett, generell sosial- og velferdsrett, samtykke og tvang
- saksgang og sakshandsaming i barnevernet
- kommunikasjon med familiar i vanskelege livssituasjonar med særleg vekt på samtaler med barn
- årsaker til og konsekvensar av omsorgssvikt og hjelpeapparatet sine tiltak
- miljøarbeid i og utanfor institusjon
- fritidsaktivitetar si betyding for barn og unge
- re-/habilitering av menneske med rusvanskar, fysiske og psykiske vanskar
- tverrprofesjonelt samarbeid
Studenten skal:
- kunne føre gode samtaler med brukarar, reflektere over eigen framgangsmåte
- kunne fremme barns rettar og sørge for utviklingsfremmande tiltak for barn/unge med særskilde behov både i og utanfor institusjon
- kunne planlegge, gjennomføre og evaluere fritidsaktivitet med barn og unge
- kunne samarbeide med ulike aktørar, klient/pårørande og fagpersonar på tvers av ansvarsområde og etatar
Studenten skal:
- møte brukarar av hjelpeapparatet med respekt og empati
- vise toleranse, interesse og respekt for menneske uansett sosial, kulturell og livssynsbasert tilhøyrsle
- utøve profesjonelt skjønn gjennom å nytte fagleg kompetanse i møte med teoretiske og praktiske problemstillingar
- bidra til tverrprofesjonelle tiltak til dei som treng hjelp frå barnevern, helse- og sosialsektoren
- kunne analysere og kritisk reflektere over profesjonelle og etiske utfordringar knytt til arbeid som barnevernspedagog
Førelesingar, seminar, praksisretta gruppeaktivitet og samtaleøving. Delar av undervisninga er organisert felles for barnevernspedagog- og sosionomstudiet.
Deltaking vert rekna for heile emnet med unntak av ferdigheittrening som t.d. valfrie aktivitetsfag og samtaleøvingar, der deltakinga vert rekna for seg. Nærare retningslinjer vil gå fram av semesterplanen.
Arbeidskrav
- Individuelt skriftleg arbeid knytt til SOM–seminaret (saman om omsorg for barn)
- Individuelt skriftleg arbeid knytt til fagtema
- Individuell skriftleg oppgåve knytt til samtaleøvingane
- Munnleg presentasjon på seminar frå feltstudie/studietur
- Skriftleg arbeidskrav ved slutten av emnet (pensumprøve eller liknande). Kravet fell bort dersom studenten kan dokumentere minimum 80% frammøte til undervisningsaktivitetar
Arbeidskrava må vere innleverte og godkjende til fastsett tid, slik det går fram av semesterplanen.
Obligatorisk deltaking:
- Ferdigheittrening; aktivitetsfag
- Ferdigheittrening; samtaleøvingar
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, kap. 5.
Det er etablert fagutval som er samansett av lærarar og tillitsvalde på utdanninga. Emnet har eit eige evalueringsseminar på klassenivå.
- Social work, Child Welfare Work - bachelor
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Written Exam | Individual | 6 Hours | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | Noregs lover eller særtrykk av lovverket |