Semestre

SABVP125 Utfordringar i yrkesfeltet - barnevernspedagog

Emnekode: 
SABVP125
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
30
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Undervisningssemester: 
2021 Vår
Eksamenssemester: 
2021 Vår
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

SABVP111, SABVP112, godkjende arbeidskrav i SABVP121 og SABVP122

Om emnet

Føremålet med emnet er å gi studentane kunnskap om, og skape ei nærare forståing av, kompleksiteten i barnevernsfeltet og ulike tilnærmingsmåtar til arbeidet. Studentane skal få innsikt i korleis organisatoriske, rettslege og barnevernsfaglege faktorar kan påverke barn og unge sin oppvekst og foreldre sin omsorgskapasitet. Brukarorientering, etisk refleksjon og kunnskapsbasert analytisk tilnærming er sentralt i emnet.

Innhald:

  • Barnevernsfaglege emne: Barnevernsarbeid, miljøarbeid i og utanfor institusjon, aktivitetsfag
  • Juridiske emne: Barne- og familierett, sosial- og velferdsrett, barnevernsrett, samtykke og tvang m.a. tvang i barnevernet og overfor rusmiddelavhengige
  • Sosialt arbeid med familiar
  • Omsorgssvikt, overgrepsproblematikk, kriser
  • Rusbehandling, re-/habilitering og psykisk helsevern
  • Kommunikasjonstrening / samtaleøvingar
  • Yrkesutfordringar, fagleg skjønn, etisk refleksjon og etiske dilemma
  • Organisasjon og yrkeskunnskap
Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fulført emne: 

Kunnskapar

Studenten skal ha tileigna seg kunnskap om:

  • familierett, barnevernsrett, generell sosial- og velferdsrett, samtykke og tvang
  • saksgang og sakshandsaming i barnevernet
  • kommunikasjon med familiar i vanskelege livssituasjonar, med særleg vekt på samtalar med barn
  • årsaker til og konsekvensar av omsorgssvikt og hjelpeapparatet sine tiltak
  • miljøarbeid i og utanfor institusjon
  • kva fritidsaktivitetar har å seie for barn og unge
  • re-/habilitering av menneske med fysiske og psykiske vanskar og rusproblem
  • tverrprofesjonelt samarbeid
Ferdigheiter

Studenten skal ha ferdigheiter i å:

  • føre gode samtalar med brukarar og reflektere over eigen framgangsmåte
  • fremje barn sine rettar og sørge for utviklingsfremjande tiltak for barn og unge med særskilde behov, både i og utanfor institusjon
  • planleggje, gjennomføre og evaluere fritidsaktivitetar med barn og unge
  • samarbeide med ulike aktørar, klient / pårørande og fagpersonar på tvers av ansvarsområde og etatar
Generell kompetanse

Studenten skal kunne:

  • møte brukarar av hjelpeapparatet med respekt og empati
  • utøve profesjonelt skjønn gjennom å nytte fagleg kompetanse i møte med teoretiske og praktiske problemstillingar
  • bidra til tverrprofesjonelle perspektiv på tiltak til dei som treng hjelp frå barneverns-, helse- og sosialsektoren
  • analysere og reflektere kritisk over profesjonelle og etiske utfordringar i arbeidet som barnevernspedagog
  • nytte forskingsmetodisk tilnærming i profesjonsutøving
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Undervisninga består av førelesingar, seminar, praksisretta gruppeaktivitet og samtaleøving. Delar av undervisninga er organisert felles for barnevernspedagogutdanninga og sosionomutdanninga. 

 

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Arbeidskrav

  1. Individuelle skriftlege arbeid i fagtema
  2. Individuelt skriftleg arbeid og gjennomføring av rollespel i samband med samtaleøvingane 
  3. Gruppearbeid og individuelt skriftleg arbeid i  SOM–seminaret (saman om omsorg for barn)
  4. Skriftleg arbeidskrav ved slutten av emnet (pensumprøve eller liknande). Kravet fell bort dersom studenten kan dokumentere minimum 70 % frammøte til undervisningsaktivtetar.

Arbeidskrava må vere innleverte og godkjende til fastsett tid, slik det går fram av informasjonen i Canvas.

Obligatorisk deltaking:

  1. Undervisning og gruppearbeid på SOM-seminaret
  2. Aktivitetsfag
  3. Samtaleøvingar
  4. Familiearbeid
  5. Kommunikasjonsverkstad

Nærare informasjon i Canvas.

Vi viser til Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda §4-6 om obligatorisk frammøte/deltaking, dvs. krav om 80 % deltaking.

Sensorordning
Maksimumstal: 
50
Emneansvarleg: 
Ellen Synnøve Aarseth
Betina Haug Olson
Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Sosialt arbeid, barnevernspedagog - bachelor
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Heimeeksamen
Individuell
5 Dagar
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Eksamensspråk: norsk eller engelsk
Noregs lover eller særtrykk av lovverket
Godkjent av: 
Randi Bergem 05.10.2020