Semesters
- 2024 Autumn
- 2023 Autumn
- 2022 Autumn
- 2021 Autumn
- 2020 Autumn
- 2019 Autumn
- 2018 Autumn
- 2017 Autumn
- 2016 Autumn
- 2015 Autumn
SAJ101 Innføring i norsk samfunnsliv
Ingen.
Emnet tek føre seg offentleg forvaltning, grunnleggande oversikt over norsk historie etter 1945 og arbeidslivets viktige institusjonar som regulerer forholdet mellom arbeidsgjevar og arbeidstakar. Emnet tek også føre seg sentrale problemstillingar knytt til velferdsstaten, rettspleie og kriminalpolitikk, samt likestilling, innvandring og utanrikspolititiske forhold.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket skal studenten ha følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten skal ha
- grunnleggande oversikt over offentleg forvalting på ulike nivå
- grunnleggande oversikt over norsk historie sidan 1945
- grunnleggande kunnskap om arbeidslivets viktige institusjonar som regulerer forholdet mellom arbeidsgjevarar og arbeidstakarar
- grunnleggande kunnskap om sentrale problemstillingar innanfor norsk rettspleie og kriminalpolitikk
- grunnleggande kunnskap om den norske velferdsstaten, likestilling og sentrale internasjonale institusjonar
Studenten skal kunne
- skrive kronikkar med drøfting av sentrale samfunnsmessige tema
- reflektere over eige fagleg arbeid og justere dette under rettleiing
Studenten skal kunne
- setje seg inn i nye problemområde og analysere saker frå fleire sider
- handtere informasjonsmengder og systematisere kunnskap
Førelesingar og ulike studentaktive læringsformer som til dømes gruppe- og temaseminar.
Frammøtekrav:
Det er obligatorisk frammøte til kronikk-seminara med 100 prosent deltaking.
Arbeidskrav:
- kronikkar
- evaluering av emnet
Arbeidskrava er obligatoriske og må vere godkjente for å kunne gå opp til eksamen.
Følgjande informasjon blir tilgjengeleggjort skriftleg i læringsplattforma Canvas ved oppstart av emnet:
- tal arbeidskrav
- organisering
- omfang
- frist
Sensur blir gjennomført i samsvar med Forskrift om studium og eksamen ved Høgskulen i Volda.
- Journalism - bachelor
- PR, Communication and Media - bachelor
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Oral examination | Individual | 30 Minutes | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade |