Semesters

SRS101N Skuleretta samfunnsfag: Natur og samfunn i Noreg (nettbasert m/avgift)

Course code: 
SRS101N
Duration: 
1 semester
Credits (ECTS): 
15
Level of study: 
Foundation level (bachelor’s degree level)
Teaching semester: 
2019 Autumn
Assessment semester: 
2019 Autumn
Language of instruction: 
Norwegian
Required prerequisite knowledge

Fullført lærarutdanning

Course content

SRS101N omfattar om lag like delar geografi, historie og samfunnskunnskap. Dette emnet inviterer til å lære og å forstå meir om samspelet mellom natur og samfunn, mellom menneske, mellom grupper og mellom samfunn. I historie vert fokus sett på mellomalder og byggjeskikk. I geografi er ressursar, geologi og landskap og demografi fokusområde. I samfunnskunnskap vert sosialisering, det fleirkulturelle samfunnet og økonomi og samfunn trekt fram. Didaktikk og trygghet i den faglege formidlinga av alle delar av samfunnsfaget står sentralt. Gjennom ulike tilnærmingsmåtar til læring får studenten høve til å vidareutvikle seg til ein dyktig lærar i samfunnsfag. Emnet inngår som ei eining i studieprogrammet Skuleretta samfunnsfag 1 N.

Learning outcome

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket skal studenten ha følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Learning outcome knowledge

Studenten skal ha 

  • kunnskap om samfunnsfag som skulefag og nyare samfunnsfagdidaktikk  
  • kunnskap om historieforståing og historiebruk mellom barn og unge
  • kunnskap om landskapsformene i dagens Noreg, og om korleis ein kan bruke slik kunnskap i opplæringa 
  • kunnskap om naturgrunnlaget, ressursar, næringsvegar, folkesetnad, busetnadsmønster og miljø  
  • kunnskap om dei historiske hovudtrekka i Noreg og verda frå den eldste busetnad til om lag 1800-talet  
  • kunnskap om økonomi, sosialisering og identitetsutvikling i barne- og ungdomsåra  
  • kunnskap om det fleirkulturelle samfunnet med særlig vekt på samikulturen
  • kjennskap til sentrale samfunnsfaglege teoriar og metodar 
  • kjennskap til sentrale kjelder i faget og kritisk vurdering av desse
Learning outcome skills

Studenten skal kunne 

  • arbeide sjølvstendig med faglege spørsmål og analysere faglege problemstillingar ut frå fakta og teorigrunnlaget i faget  
  • bruke faglege og fagdidaktiske kunnskapar og ferdigheiter i geografi, historie og samfunnskunnskap i samsvar med gjeldande læreplan og kritisk vurdere eiga undervising  
  • leie elevar i sjølvstendig arbeid innanfor rammene til faget  
  • bidra til å utvikle dei munnlege ferdigheitene til elevane gjennom øving i møtedeltaking, debattar og andre munnlege aktivitetar i faget
  • bruke samfunnsfaglege kjelder og materiale i arbeidet med utvikling av dei grunnleggjande ferdigheitene til elevane  
  • bruke og vurdere digitale verktøy og kjelder i samfunnsfag og bidra til at elevane kan vere kritiske brukarar av digitale verktøy  
  • kritisk vurdere lærebøker og andre læremiddel til bruk i samfunnsfaget
Learning outcome qualification

Studenten skal kunne

  • reflektere kritisk over samfunnsfaglege spørsmål og stimulere til kritisk tenking  
  • forstå aktuelle samfunnsforhold i eit geografisk, historisk, politisk og sosiologisk perspektiv  
  • reflektere over eigen praksis
  • finne fram til og ta i bruk oppdatert faglitteratur
  • kombinere generell didaktikk og fagdidaktikk 
Working and learning activities

Studiet er eit nettstudium. Aktuelle arbeidsformer er litteraturstudium, studieleksjonar, skriftlege arbeid, rettleiing. Alle leksjonar, diskusjonar, rettleiingar og innleveringar vert gjennomført i e-læringsplattforma Canvas. Eksamen vert levert digitalt i Inspera. Det er ein føresetnad at studentane nyttar Canvas kontinuerleg, og aktivt tek del i dei læringsprosessane som det vert lagt opp til i plattforma.

Assessment requirements

For å få framstille seg for eksamen, må studenten:

  • Skrive tre oppgåver kvar på 1 500 - 1 800 ord (ei i geografi, ei i historie og ei i samfunnskunnskap). Ein må halde seg innanfor denne ramma.
  • Gjennomføre ei skriftleg prøve med godkjent resultat (vert gjennomført i Canvas).
Evaluation system
Minimum number of students: 
20
Maximum number of students: 
70
Person in charge: 
Elisabeth Teige
Costs

Kr 4.000,-

Used in other programs
  • Social Studies for Schools 1
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Portfolio
Individual
1 Semester
A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade
100
Ved sluttvurderinga vert ei av innleveringsoppgåvene (geografi, historie og samfunnskunnskap) trekt ut og vurdert. Det uttrekte arbeidet utgjer eksamen.
Sjå Vilkår for å framstille seg til eksamen.
Emne som gir reduksjonGrad av overlappVektingsreduksjon
HI 111
2
Approval signature: 
Odd Ragnar Hunnes 01.03.19