Semesters
TOD104 Forteljing og formidling
Ingen
Emnet er eit introduksjonsemne til arbeid med munnleg formidling og forteljarkunst, som legg vekt på at studenten skal prøve ut og utvikle seg i den handverkmessige og kunstnarlege siden av faget.
Studentane vil jobbe med:
- Kommunikasjon og stemmebruk.
- Retorikk og kroppsspråk.
- Fysisk formidling og tegneseriemimé.
- Forteljarkunst og munnleg formidling.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten
- har grunnleggjande kunnskap om kommunikasjon, kroppsspråk, stemmebruk og retorikk.
- har kunnskap om utvalde forteljarsjangerar og forteljartradisjonar.
Studenten
- kan nyttegjere seg forteljarfaglege teknikkar og uttrykksformer i ulike framføringar.
- kan omarbeide ulike typer tekstar med tanke på munnleg formidling i ulike situasjonar.
- meistrer teknikkar for å lære seg ei forteljing.
Studenten
- kan reflektere over eigne munnlege framføringar.
- kan arbeide sjølvstendig og produksjonsretta.
Undervisninga er eit samspel mellom teoretisk, praktisk og sjølvstendig arbeid, og er samansett av:
- seminar og verkstadar
- førelesingar
- praktisk undervisning
- framsyningar
- gruppearbeid
- individuelt arbeid
Det vil arrangerast obligatoriske visningar, såkalla Husteater, for eit ope publikum.
Emnet inneheld 1-2 framsyningar, til eigen kostnad.
Frammøtekrav:
- All undervisning er obligatorisk, og oppmøtet må vere av ei aktiv deltakande art.
Viser til Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, §4-6.
Arbeidskrav:
- Utvikling og gjennomføring av eit formidlingsprosjekt, induviduelt eller i gruppe, med eit skriftleg refleksjonsnotat knytt til formidlingsprosjektet.
- Ei godkjend framsyning på Husteater, knytt til fysisk formidling.
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, kap.5.
Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.
- Bachelor's degree in Media, ICT and Design
- PR, Communication and Media - bachelor
- Storytelling and theatre production
- Theatre and Drama - bachelor
- Theatre and Drama - year course
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Praktisk eksamen | Individual or Group exam | 2 Weeks | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | 100 | Ei scenisk framsyning i forteljing med etterfølgjande samtale knytt til teori. | Eigne notater under munnleg samtale. | 10 minutter individuell forteljing 40 minutter gruppesamtale |