Semestre

TOD107 Lydbok, dubbing og radioteater

Emnekode: 
TOD107
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Undervisningssemester: 
2017 Vår
Eksamenssemester: 
2017 Vår
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

60 stp i teater og drama.

Om emnet

Emnet er eit skodespelarteknisk emne med fokus på skodespel for stemma, som gjer ei innføring i arbeid med lydbok, dubbing og radioteater.
Studentane vil jobbe med:

  • Grunnteknikkar for stemmeskodespel.  
  • Lyttetrening, drøfting og analyse av ulike uttrykk.
  • Praktisk-teoretisk innføring i arbeid med ulike sjangrar for lydbok.
  • Grunnleggjande arbeid med dubbing av animert film og/eller dataspel.
  • Radioteater for born og/eller vaksne.
  • Grunnleggjande innføring i studioarbeid og mikrofonteknikk.
Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten

  • har grunnleggjande kunnskapar om metodar og verkemiddel for stemmeskodespel i arbeid med lydbok, dubbing og radioteater.
  • har grunnleggjande kunnskap om fagterminologi innan stemmeskodespel. om skodespelaren sine dramatiske verkemiddel og arbeidsmåtar innan lydbok, radioteater og arbeid med dubbing.
Ferdigheiter

Studenten

  • kan nytte stemma til å formidle ei dramatisk tekst og rolletolkning med stemmen som dramatisk verkemiddel.
  • har grunnleggjande ferdigheiter i praktisk studioarbeid, mikrofonbruk og enkel lydteknikk for sjølvstendig lydbokinnspeling og voiceoverarbeid.
  • kan jobbe kreativt i arbeid med ulike tekstar og sjangrar, både sjølvstendig og i gruppe.
  • kan ta stemmeregi i ei praktisk opptakssituasjon.
Generell kompetanse

Studenten 

  • kan planleggje, gjennomføre og vurdere stemmeskodespelarbeid åleine, og som deltakar i ei gruppe.
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Undervisinga er eit samspel mellom teoretisk, praktisk og sjølvstendig arbeid, og vil innehalde:

  • seminar
  • workshops
  • førelesingar
  • lyttingar
  • analyser
  • studioarbeid
  • sjølvstudium
  • gruppearbeid

Undervisninga er samlingsbasert med fire samlingar á to dagar i Volda og ei vekes samling i Oslo. Studenten må sjølv dekke kostnadane for samlingane.

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Frammøtekrav:

  • Emnet krev aktiv deltaking og engasjement, og all undervisning er obligatorisk. For å kunne ta eksamen må studenten ha eit godkjent oppmøte på minimum 80% ved kvar samling.

Vi viser til Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda §4-6, om obligatorisk frammøte/deltaking.

Arbeidskrav:

  • Ei individuell lydbok-innspeling, på om lag 5-10 minutt.
  • Eit individuelt refleksjonsnotat over eige innspelt arbeid.
  • Eit dubbing-arbeid, individuelt eller i gruppe: dataspel, film og/eller animert film, på om lag 5-10 minutt.
  • Ei skriftleg analyse av ei radioteaterinnspeling.
Sensorordning

Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, kap.5.

Evaluering og kvalitetssikring

Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem. (http://www.hivolda.no/hivolda/om-hogskulen/kvalitetsarbeid)

Minimumstal: 
5
Maksimumstal: 
20
Emneansvarleg: 
Vibeke Preus
Materialavgift

Det vert lånt ut klassesett med manus, lydbøker og høyrespel. Manglande innlevering gjes ei avgift på 100-200 kroner per stk.

Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Manusutvikling og stemmeskuespill
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Produkt/produksjon
Gruppe
1 veke
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
60
Eit radioteater, som skal presenterast for eit publikum, medstudentar, emneansvarleg og sensor. Manus til radioteateret vert delt ut av emneansvarleg.
Alle
5-10 minutt.
Heimeeksamen
Individuell
3 Dagar
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
40
Ei 3-dagars skriftleg heimeoppgåve på omlag 1000 ord. Kandidaten skal, ut frå eige arbeid, reflektere og drøfte ulike faktorar frå radioteateret i lys av aktuell teori.
Alle
1000 ord.
Godkjent av: 
Aud Folkestad