Semestre

TOD107 Lydbok, dubbing og radioteater

Emnekode: 
TOD107
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Undervisningssemester: 
2020 Haust
Eksamenssemester: 
2020 Haust
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

60 studiepoeng i teater og drama, med minimum 30 studiepoeng i teaterproduksjon.

Om emnet

Emnet er eit skodespelarteknisk emne med fokus på skodespel for stemma, som gir ei innføring i arbeid med lydbok, dubbing og radioteater.
Undervisinga er eit samarbeid med praksisfeltet og vil i stor grad bestå av gjestelærarar frå ulike institusjonar (som td. Lydbokforlaget, NorDubb og NRK Radioteatret).
Studentane vil jobbe med:

  • Grunnteknikkar for stemmeskodespel.  
  • Lyttetrening, og drøfting av ulike uttrykk.
  • Praktisk-teoretisk innføring i arbeid med lydbok, dubbing og voice over, og radioteater.
  • Grunnleggjande innføring i studioarbeid og mikrofonteknikk.
Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten

  • har grunnleggjande kunnskapar om metodar og verkemiddel for stemmeskodespel i arbeid med lydbok, dubbing og radioteater
  • har grunnleggjande kunnskap om fagterminologi innan stemmeskodespel
  • har kunnskap om skodespelaren sine dramatiske verkemiddel og arbeidsmåtar innan lydbok, radioteater og arbeid med dubbing
Ferdigheiter

Studenten

  • kan nytte stemma til å formidle ei dramatisk tekst og rolletolkning med stemmen som dramatisk verkemiddel
  • har grunnleggjande ferdigheiter i praktisk studioarbeid, mikrofonbruk og enkel lydteknikk for sjølvstendig lydbokinnspeling og voiceoverarbeid
  • kan ta stemmeregi i ein praktisk opptakssituasjon
Generell kompetanse

Studenten 

  • kan planleggje, gjennomføre og drøfte stemmeskodespelarbeid åleine, og som deltakar i ei gruppe
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Undervisninga er eit samspel mellom teoretisk, praktisk og sjølvstendig arbeid, og er samansett av:

  • seminar og verkstader
  • individuelt arbeid
  • lyttingar
  • studioarbeid

Undervisninga er samlingsbasert med fem samlingar á 2 dagar i Volda, og ei vekes samling Oslo.

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Frammøtekrav:

  • Emnet krev aktiv deltaking og engasjement, og all undervisning er obligatorisk.
    For å kunne ta eksamen må studenten ha eit godkjent oppmøte på minimum 80% ved kvar samling. 
    Vi viser til Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda §4-6, om obligatorisk frammøte/deltaking.

Arbeidskrav:

  • Ei individuell lydbok-innspeling, på omlag 5-10 minutt.
  • Eit dubbingarbeid, individuelt eller i gruppe: på omlag 5 minutt.
  • Eit innspelt radioteater, i gruppe, på omlag 5-10 minutt.
Sensorordning
Minimumstal: 
5
Maksimumstal: 
20
Emneansvarleg: 
Hege Holmqvist Synnes
Raymond Corrado Knutsen
Materialavgift
  • Det vert lånt ut klassesett med manus, lydbøker og høyrespel. Manglande innlevering gjes ei avgift på 200-400 kroner per stk.
Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Manusutvikling og stemmeskuespill
  • Teater og drama - bachelor
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Produkt/produksjon
Individuell
1 veke
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
70
Digital eksamen. Eit Voice-reel (i mp3-fomat).
Alle
5-7 minutt.
Heimeeksamen
Individuell
1 veke
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
30
Digital eksamen. Ei skriftleg heimeoppgåve på 1500 ord. Kandidaten skal reflektere over og drøfte ulike utfordringar i stemmeskodespel i lys av aktuell teori.
Alle
1500 ord.
Godkjent av: 
Unni Hagen