Semestre
TOD107 Voice acting
Emnekode:
TOD107
Varighet:
1 semester
Studiepoeng:
15
Studienivå:
Bachelor (grunnivå)
Undervisningssemester:
2022 Haust
Eksamenssemester:
2022 Haust
Undervisningsspråk:
Norsk
Krav til forkunnskapar
45 studiepoeng i teater og drama.
Om emnet
TOD107 er eit emne med fokus på stemmeskodespel, og gir ei innføring i arbeid med lydbok, podcast, dubbing og radioteater.
Undervisinga er eit samarbeid med praksisfeltet og vil i stor grad bestå av gjestelærarar frå ulike institusjonar og arbeid i studio.
Studentane vil jobbe med:
- Grunnteknikkar for stemmeskodespel.
- Lyttetrening, og drøfting og analyse av ulike uttrykk.
- Praktisk-teoretisk innføring i arbeid med lydbok, podcast, dubbing og voice over, og radioteater.
- Grunnleggjande innføring i studioarbeid og mikrofonteknikk.
Læringsutbytte
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Kunnskapar
Studenten
- har grunnleggjande kunnskapar om metodar og verkemiddel for stemmeskodespel i arbeid med lydbok, podcast, dubbing og radioteater
- har grunnleggjande kunnskap om fagterminologi innan stemmeskodespel
- har kunnskap om skodespelaren sine dramatiske verkemiddel og arbeidsmåtar innan lydbok, podcast, radioteater og arbeid med dubbing
Ferdigheiter
Studenten
- kan nytte stemma til å formidle ei dramatisk tekst og rolletolkning med stemma som dramatisk verkemiddel
- har grunnleggjande ferdigheiter i praktisk studioarbeid, mikrofonbruk, og enkel lydteknikk for sjølvstendig lydbokinnspeling og voiceoverarbeid
- kan ta stemmeregi i ein praktisk opptakssituasjon
Generell kompetanse
Studenten
- kan planleggje, gjennomføre og drøfte stemmeskodespelarbeid åleine, og som deltakar i ei gruppe
Praktisk organisering og arbeidsmåtar
Undervisninga er eit samspel mellom teoretisk, digitalt, praktisk og sjølvstendig arbeid, og er samansett av:
- seminar og verkstader
- individuelt arbeid
- oppgåver
- lyttingar
- gruppearbeid
- studioarbeid
Vilkår for å framstille seg til eksamen
Frammøtekrav:
- Emnet krev aktiv deltaking og engasjement, og all undervisning er obligatorisk.
Vi viser til Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda §4-6, om obligatorisk frammøte/deltaking.
Arbeidskrav:
- Tre innspelingar på omlag 3-5 minutt
Alle arbeidskrav har 2 forsøk
Sensorordning
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 5-11.
Evaluering og kvalitetssikring
Minimumstal:
5
Maksimumstal:
20
Emneansvarleg:
Raymond Corrado Knutsen
Emnet inngår i følgande studieprogram
- Teater og drama - bachelor
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Produkt/produksjon | Individuell | 1 veke | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | 70 | Digital eksamen. Eit Voice-reel (i mp3-fomat). | Alle | 5-7 minutt. |
Heimeeksamen | Individuell | 1 veke | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | 30 | Ei skriftleg heimeoppgåve på 1500-2000 ord. Kandidaten skal reflektere over og drøfte ulike utfordringar i stemmeskodespel i lys av aktuell teori. | Alle | 1500-2000 ord. |
Godkjent av:
Unni Hagen