Semestre
TOD107 Lydbok, dubbing og radioteater
60 studiepoeng i teater og drama, med minimum 30 studiepoeng i teaterproduksjon.
Emnet er eit skodespelarteknisk emne med fokus på skodespel for stemma, som gir ei innføring i arbeid med lydbok, dubbing og radioteater.
Undervisinga er eit samarbeid med praksisfeltet og vil i stor grad bestå av gjestelærarar frå ulike institusjonar (som td. Lydbokforlaget, NorDubb og NRK Radioteatret).
Studentane vil jobbe med:
- Grunnteknikkar for stemmeskodespel.
- Lyttetrening, og drøfting av ulike uttrykk.
- Praktisk-teoretisk innføring i arbeid med lydbok, dubbing og voice over, og radioteater.
- Grunnleggjande innføring i studioarbeid og mikrofonteknikk.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten
- har grunnleggjande kunnskapar om metodar og verkemiddel for stemmeskodespel i arbeid med lydbok, dubbing og radioteater
- har grunnleggjande kunnskap om fagterminologi innan stemmeskodespel
- har kunnskap om skodespelaren sine dramatiske verkemiddel og arbeidsmåtar innan lydbok, radioteater og arbeid med dubbing
Studenten
- kan nytte stemma til å formidle ei dramatisk tekst og rolletolkning med stemmen som dramatisk verkemiddel
- har grunnleggjande ferdigheiter i praktisk studioarbeid, mikrofonbruk og enkel lydteknikk for sjølvstendig lydbokinnspeling og voiceoverarbeid
- kan ta stemmeregi i ein praktisk opptakssituasjon
Studenten
- kan planleggje, gjennomføre og drøfte stemmeskodespelarbeid åleine, og som deltakar i ei gruppe
Undervisninga er eit samspel mellom teoretisk, praktisk og sjølvstendig arbeid, og er samansett av:
- seminar og verkstader
- individuelt arbeid
- lyttingar
- studioarbeid
Undervisninga er samlingsbasert med fem samlingar á 2 dagar i Volda, og ei vekes samling Oslo.
Frammøtekrav:
- Emnet krev aktiv deltaking og engasjement, og all undervisning er obligatorisk.
For å kunne ta eksamen må studenten ha eit godkjent oppmøte på minimum 80% ved kvar samling.
Vi viser til Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda §4-6, om obligatorisk frammøte/deltaking.
Arbeidskrav:
- Ei individuell lydbok-innspeling, på omlag 5-10 minutt.
- Eit dubbingarbeid, individuelt eller i gruppe: på omlag 5 minutt.
- Eit innspelt radioteater, i gruppe, på omlag 5-10 minutt.
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 5-11.
- Det vert lånt ut klassesett med manus, lydbøker og høyrespel. Manglande innlevering gjes ei avgift på 200-400 kroner per stk.
- Manusutvikling og stemmeskuespill
- Teater og drama - bachelor
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Produkt/produksjon | Individuell | 1 veke | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | 70 | Digital eksamen. Eit Voice-reel (i mp3-fomat). | Alle | 5-7 minutt. |
Heimeeksamen | Individuell | 1 veke | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | 30 | Digital eksamen. Ei skriftleg heimeoppgåve på 1500 ord. Kandidaten skal reflektere over og drøfte ulike utfordringar i stemmeskodespel i lys av aktuell teori. | Alle | 1500 ord. |