Semestre
UL302 Utvikling og læring
Ingen
Det er ein tett og gjensidig samanheng mellom læring og utvikling. Emnet kastar lys over dette samspelet, ved å sjå på ulike individuelle og miljømessige faktorar som påverkar læring og utvikling hos barn og unge. Det vil bli lagt særleg vekt på kognisjon og motivasjon, som eit grunnlag til å forstå korleis læring skjer og kva som stimulerer individet til å delta i læringsfremjande aktivitet. Det vil også bli lagt vekt på emosjonell utvikling og sosialt samspel som viktig for utvikling og læring.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne
Studentene skal ha avanserte kunnskapar om
- ulike perspektiv på læring
- individuelle og miljømessige faktorar som påverkar læring, motivasjon og sjølvoppfatning
- emosjonell og kognitiv utvikling, her under også ulike vanskar som kan oppstå og som kan gje behov for spesialpedagogiske tiltak
Studentane skal kunne
- vise innsikt i ulikskapar og utfordringar knytt til individet si kognitive og emosjonelle utvikling
- reflektere kritisk over korleis samspelet mellom individ og miljø verkar inn på læring og utvikling
- vise forståing for korleis ulike læringssyn kan kome til uttrykk i pedagogisk praksis
Studentane skal
- kunne aktivt bruke kunnskapen om kva som fremjar læring og utvikling for barn og unge med varierande føresetnader i analysar av pedagogisk praksis
Arbeidsmåtane i emnet vil veksle mellom førelesingar, seminar og gruppearbeid. Det er obligatorisk frammøte til alle samlingane.
- Obligatorisk frammøte til undervisninga.
- Studentane skal skrive ein fagleg artikkel ut frå ei sjølvvald problemstilling med relevans for emnet, omfanget er 3000 ord.
- Studentane skal levere inn utkast til problemstilling for den faglege artikkelen.
- Studentane skal presentere og drøfte artikkelen med medstudentar i eige seminar.
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda § 5-11.
- Spesialpedagogikk - master
- Spesialpedagogikk - master (deltid)
- Spesialpedagogikk - vidareutdanning
- Spesialpedagogikk - vidareutdanning (deltid)
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Heimeeksamen | Individuell | 3 Dagar | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | 100 |