Semestre

UL302 Utvikling og læring

Emnekode: 
UL302
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Master
Undervisningssemester: 
2022 Vår
Eksamenssemester: 
2022 Vår
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

Ingen 

Om emnet

Det er ein tett og gjensidig samanheng mellom læring og utvikling. Emnet kastar lys over dette samspelet, ved å sjå på ulike individuelle og miljømessige faktorar som påverkar læring og utvikling hos barn og unge. Det vil bli lagt særleg vekt på kognisjon og motivasjon, som eit grunnlag til å forstå korleis læring skjer og kva som stimulerer individet til å delta i læringsfremjande aktivitet. Det vil også bli lagt vekt på emosjonell utvikling og sosialt samspel som viktig for utvikling og læring. Gjennomgåande i heile emnet, vil det vere fokus på å forstå både normalutvikling og skeivutvikling, og sjå samanhengen mellom den allmennpedagogiske og den spesialpedagogiske kompetansen.  

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne

Kunnskapar

Studentene skal ha avanserte kunnskapar om 

  • ulike perspektiv på læring
  • individuelle og miljømessige faktorar som påverkar læring, motivasjon og sjølvoppfatning 
  • emosjonell og kognitiv utvikling, her under også ulike vanskar som kan oppstå og som kan gje behov for spesialpedagogisk hjelp og støtte

 

Ferdigheiter

Studentane skal kunne 

  • vise innsikt i ulikskapar og utfordringar knytt til individet si kognitive og emosjonelle utvikling 
  • reflektere kritisk over korleis samspelet mellom individ og miljø verkar inn på læring og utvikling
  • vise forståing for korleis ulike læringssyn kan kome til uttrykk i pedagogisk praksis
Generell kompetanse

Studentane skal

  • kunne gjere analyser av pedagogisk praksis og ut frå dette anvende kunnskapen om kva som fremjar læring og utvikling for barn og unge med varierande føresetnader
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Arbeidsmåtane i emnet vil veksle mellom førelesingar, seminar og gruppearbeid. Det er obligatorisk frammøte til alle samlingane.

Vilkår for å framstille seg til eksamen
  • Obligatorisk frammøte til undervisninga.
  • Studentane skal skrive ein fagleg artikkel ut frå ei sjølvvald problemstilling med relevans for emnet, omfanget er 3000 ord.
  • Studentane skal levere inn utkast til problemstilling for den faglege artikkelen.
  • Studentane skal presentere og drøfte artikkelen med medstudentar i eige seminar.

 

Sensorordning
Maksimumstal: 
50
Emneansvarleg: 
Kari Kathrine Eldby Rygg
Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Spesialpedagogikk - master
  • Spesialpedagogikk - master (deltid)
  • Spesialpedagogikk - vidareutdanning
  • Spesialpedagogikk - vidareutdanning (deltid)
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Heimeeksamen
Individuell
3 Dagar
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
100
3000 ord (+/- 10 %)
Godkjent av: 
Arne Myklebust