Semestre

ULSP304 Leiing og åtferd

Emnekode: 
ULSP304
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Master
Undervisningssemester: 
2021 Vår
Eksamenssemester: 
2021 Vår
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

Ingen

Om emnet

Studentane skal tileigne seg kunnskapar om ulike forklaringar på sambandet mellom leiing og åtferd i barnehage og skule, og konsekvensar for læringsmiljøet. Emnet set søkjelys på ulike forklaringsmodellar sine bidrag til ei heilskapleg forståing av åtferd og kva konsekvensar dei får for tiltak i barnehage og skule. Tema vert drøfta frå både eit individ- og eit systemperspektiv, og ein vektlegg kva som påverkar læringsmiljøet både i barnehage og skule. Det vert lagt vekt på lærarrolla, gruppe-/ klasseleiing og mobbing. Organisasjonsperspektiv og implementeringsarbeid inngår også i dette.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten skal ha grundige kunnskapar om 

  • Ulike forklaringsmodellar og teoretiske perspektiv på åtferd.
  • Samanhengane mellom leiing og åtferd og konsekvensar for læringsmiljøet.
  • Læringsmiljø og mobbing.
  • Organisasjonsperspektiv og implementeringsarbeid.
Ferdigheiter

 Studenten 

  • Skal kunne analysere og forstå åtferd i eit individ- og systemperspektiv.
  • Skal kunne førebygge og avdekke mobbing og sette i gang relevante tiltak for å stoppe mobbing.
  • Skal kunne legge til rette for endrings- og innovasjonsarbeid for å betre læringsmiljøet i barnehage og skule.
  • Skal ha kompetanse på gruppe-/ klasseleiing.
Generell kompetanse

Studenten skal ha kunnskap om korleis leie læringsarbeidet gjennom å auke kapasiteten til å handtere utfordringar knytt til åtferd.

Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Emnet er organisert med samlingar over to dagar om lag kvar fjerde veke. Arbeidsmåtane i emnet vil veksle mellom førelesingar, seminar og gruppearbeid. Studentaktive arbeidsformer på samlingane vil bli vekta. Det er obligatorisk frammøte til alle samlingane.

Vilkår for å framstille seg til eksamen
  • Eit skriftleg arbeidskrav i gruppe, der ei teoretisk drøfting av sentrale tema i emnet er hovudsak. Omfang: 2000 - 3000 ord.
  • Munnleg individuell presentasjon, digitalt, med skriftleg opposisjon. Presentasjonen skal vere ei fordjuping av det skriftlege arbeidskravet i grupper. Studenten vel sjølv fordjupingstemaet innan for rammene det skriftlege arbeidet gir.
  • Obligatorisk frammøte til undervisninga.

           Detaljane i arbeidskrava vert gjort greie for ved oppstart av studiet.

 

 

Sensorordning
Maksimumstal: 
35
Emneansvarleg: 
Anne Randi Fagerlid Festøy
Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Mastergradsstudium i undervisning og læring, deltid
  • Spesialpedagogikk - master
  • Spesialpedagogikk - vidareutdanning
  • Spesialpedagogikk - vidareutdanning (deltid)
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Heimeeksamen
Individuell
1 veke
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
100
Om lag 5000 ord (føreord, innhaldsliste, litteraturliste og eventuelle vedlegg kjem i tillegg).
Godkjent av: 
Arne Myklebust